AURA NOIR – Oslo – Revolver

Ute for å dø; myrketid, lumske vetter, attgangarar og anna ufryskje. Eit ubestemmeleg ondt drag i lufta, fjernt frå sol og varme, noko frå the derelict tracts der nede. Eg kulsar medan eg dreg meg opp bakken til musikkbula Revolver. Frå det eine myrkret til det andre. Nede i kjellaren er det tjukt fullt stappa…

WITCHTRAP – Oslo – Pokalen

I Oslo denne helga føregår World Music Festival rundt om på ymse scenar. Metalheads tenkjer kanskje «Og kva so? Har det noko med Metal å gjera?» Ja. Festivalen har ikkje trekt inn kva som helst for band, men eit som står for undergrunnsmusikk og for trufast reinskoren Thrash Metal gjennom over tjuge år: Witchtrap frå…

SODOMIZER – Oslo – Revolver

Thrash i Revolverkjellaren! Thrash fucking Metal-kveld! THRASHHH!!! Når eg kjem ned i kjellaren er her nesten ingen. SO BRA! Då vert det god plass og ingen som er i vegen for lyden. I ventetida spelast store delar av Darkthrone «A Blaze in The Northern Sky» på anlegget. På scena skal Sodomizer frå Brasil og US-bandet…

KRATER 2014 – Dag 2 – Pokalen

Krater Fest flyttar på seg til andre dagen, men ikkje langt. Ned i fyrsteetasjen til Pokalen, der veggen mellom pub og konsertlokale er slege til side. So får du eit meir plass til å røyva deg på – og ikkje å forakta – ein større bardisk med mykje fint i kranene som gjer deg artig…

KRATER 2014 – Dag 1 – Vulkan Arena

Krater er ein ny festival, med eit program eg ikkje har sett her i Oslo sidan siste Metal Merchants i 2011. Med Nifelheim, Vulcano, Darkness (Tyskland) og Natur er det óg eit internasjonalt undergrunnspreg over festivalen, i tillegg til dei meir lokale som Execration, Studfaust og Flight. Men fyrst er det svensk Thrash.   Insane er…

DISKORD – Oslo – Pokalen

Diskord har sleppelag for sine «Oscillations», ei seksspors skive slept på Australopethicus Records (vinyl) og Hellthrasher Productions (CD). Fyreband er Morbo og Lobotomized. Death Metal-kveld på Pokalen, altso, det har eg ikkje opplevd her før, sjølv om staden for lengst er kome på Oslos sitt ‘live-kart’. Konsertstart er halv elleve, grunna eit arrangement i etasjen…

JEX THOTH – Oslo – Revolver

Eg kjem meg ned Revolverkjellarens steintropp; den kan vera krevjande, men er ekte natur god nok. Akkurat i tide til Tusmørke si speling. Det er fredagskveld og var ein sliten etter veka er det rakt og raskt burtblese no, for Tusmørke lét skikkeleg friskt. Sers god blanding av det muntre og det hardtslåande, og dét…

TIL DOVRE FALLER 2014 – Dag 2 – Dombås

Den andre festivaldagen inneheld som vanleg den årlege moskus-safari’en på Dovrefjell. Eg er ikkje med på bussturen, men stør det fullt ut, på fråstand. Tunge, svære og langhåra beist med horn og eit mystisk uttrykk frå gamle tider er so Metal som dyr kan verta. Her nede i bygda kjem eg borti utandørs ølsmaking (nei,…

TIL DOVRE FALLER 2014 – Dag 1 – Dombås

Festivalsjef Morten Thøring inviterar til fest igjen, og me reiser oppunder skrent og villmark til Dombås. Denne gongen skjer det i nytt lokale i nybygget på Dombås Hotell. Men elles verkar alt ved det gamle. Med andre ord eit godt opplegg for den som ikkje likar å vassa i folkestraumar. Pluss eit sælt godt grep…

PORTRAIT – Oslo – Betong

Portrait sleng innom Oslo på veg til morgondagens Til Dovre Faller, som står som medarrangør av denne South of Heaven-kvelden. Portrait er ikkje småtteri, og kva med support-bandet?! Enda er det berre tredje gongen eg ser det unge bandet Flight, synest denne spelinga her vitnar både om stø kurs og tydeleg plassering innan tidleg 80-tals…

SONNE ADAM – Oslo – Revolver

Death Metal-kveId på Revolver: I etterkant av Beyond The Gates tek Sonne Adam turen til Oslo. Kvelden er betre annonsert enn fjorårets ‘hemmelege’ Betong-konsert. Men det ser ikkje ut til å ha hjulpe, for her er god plass på golvet. Miasmal bankar i veg eit overraskande hardt sett, overraskande av di eg hadde på førehand…

INFANT DEATH + TOXIK DEATH – Oslo – Rock In

Ein fyk ut or heimen med Rock In som mål. Ja, det er den kvelden i året, onsdag i påska. Når eg kjem ned troppa på South of Heaven sin Rock In-konsert med billetten i handa, er det rett ut att grunna det byråkratiske opplegget med wristband som delast ut på hotell. Det, og billettprisen,…

WHIP + ASTAROTH – Oslo – Revolver

I kveld er her dubbelt sleppelag; Whip «Digitus Impudicus» og Astaroth «Chaosatanas», båe banda album-debuterar på Polypus Records. Er fleire vekar sidan båe banda la ut lydfilar på Internettet, men ingenting er som ei fysisk skive, då. Her klaffa det kaldt berekna, var snakk om få timars margin føre sitt eige releaseparty at Whip-LP’n kom…

TIL DOVRE FALLER 2013 – Dag 1 – Dombås Hotell, Tokyo

Til Dovre Faller er kanskje verdas minste Metal-/rockfestival, men eg veit ikkje um mange som har meir interessant line-up. Hintet er Ortodoks Metal Worship; det er fjerde gongen no, og folket har funne ut kva slag gullgruve for øyregongar og rockefot dette kalaset er, for festivalen har vore utseld sidan februar.   Gouge er eitt…

COFFINS – Oslo – Betong

Storm of the underground; det er sundags- og Death Metal-kveld på Klubbscena. Forlat denne verda for ei tid og gå på konsert. Coffins har drive på sidan midten av 90-talet og utgjeve eit skred med skiver, slepte albumet "The Fleshland" i sumar; japanarane er på Europaturnè, og skal avslutta den her og no! Men fyrst…

HELL’S PLEASURE 2013 – Dag 2 – Pössneck, Tyskland

NWOBHM er ikkje noko mindre hard enn meir ekstrem Metal som Thrash, Death og slikt; ikkje um ein dømer etter punch’en til Amulet. Det dette bandet driv med er gjennumførd engelsk Metal frå 1980 og derumkring. Habile sakar, konserten veks i gromheit utover settet, låtar som «Let The Blood Run», trur eg den heiter, og…

HELL’S PLEASURE 2013 – Dag 1 – Pössneck, Tyskland

Hell´s Pleasure må vera den festivalen som har det beste konsentratet av gromband på programmet nest etter Til Dovre Faller; eg legg av garde i forventingar um gode konsertar og godt, tysk handverk i form av arrangering. Dessutan har campinglivet sin sjarm, berre spør Lobotomized. Festivalen er i år korta ned frå tre til to…

VALIENT THORR – Berlin – Festsaal Kreuzberg, Berlin

På tur gjennum Tyskland snerta eg innum denne konsertkvelden; ikkje langt frå bytog-stasjonen Kottbusser Tor ligg (låg) Festaal Kreuzberg, som er (var) eit konsertlokale noko mindre enn namnet skulle tilseia; grunnen til parentesane over er at no er ikkje dette konsertlokalet meir, sidan det brann ned tre dagar etter denne kvelden, den 21/7. I alle…

HOBBS’ ANGEL OF DEATH – Stockholm – Pussy A Go Go

Dette kjellarlokalet under pub’en The Liffey i bydelen Gamla Stan bles ikkje huva av deg; sjølve konsertkroken er ikkje større enn Unholy sin var, og andre krokar i rommet ser ut som eit museum for 1800-talets overklasse. Men ein kan ikkje klaga når gromme sakar spelast av DJ’n medan ein ventar. Berre eit band står…

METAL MAGIC VI – Dag 3 – Ungdomshuset, Fredericia

Punkbandet The Nimbwits startar dagen inne utan at eg får dét med meg. Trial vert soleis fyrstebandet; tradisjonell Heavy Metal, men dette vert for snilt til at eg greier å fylgja med. Linus Johansson har ein clean vocal langt over gjennumsnittsnivå, Trial lét likevel langt unna Emerald sin mykje meir tungtdrivande Metal. Death Rides A…

METAL MAGIC VI – Dag 2 – Ungdomshuset, Fredericia

X Teenage Rebels startar dagens program. Duble vokalharmoniar og gitarsoli vert koseleg av di det er sopass heftug tromma. Men det tapar seg i slutten, klikkesosialt og kjedeleg når dei driv og delar ei flaske med nokre publikummarar der framme i staden for å driva fram punken like hardt som i starten. Ei overrasking kom…

METAL MAGIC VI – Dag 1 – Ungdomshuset, Fredericia

Metal Magic er eit lite og attraktivt føretak for slike som vil ha ei dose av undergrunnen og, eller attlevingar frå 80-talets Metal. Liten i tydinga maks. fem hundre publikummarar (og kroner for festivalpasset). Og ikkje liten m.t.p. antal band, tre dagar med to scener inne (lita scene) og ute (stor), gjev over 30 forskjellige…

ANTICHRIST – Oslo – De Ville’s

Det er måndagskveld og pakka med folk i dongeri og lær og stas og øl. Tre band på turnè sveipar innum Oslo og gigantlokalet til De Ville’s. Division Speed gjev ei original og underleg sjangerblanding, ikkje dreg dei seg inn i nærliknade uttrykk med sin Speed Metal: Heller spelar bandet seg fram i eit godgromt…

NAAM + SPECTRAL HAZE – Oslo – Betong

Ny kveld med gamletidars-inspirert rock her på Klubbscena. THE PAST IS ALIVE. Notildags har fleire band funne ut at musikk har RØTER og ikkje minst eit fortidig skattkammer til inspirasjon og, ehm, glede? Seier eg som knapt høyrde på Hawkwind-skivene etter eg kjøpte dei for 30 år sidan. OK! Set the controls……. …Spectral Haze er…

MAGISTER TEMPLI – Oslo – Cafe Fiasco

Lang, lang helg og sjukt mykje konsertar i Oslo desse dagane. Var på Danava (på Revolver) i går. Sjekk ut dei, vil du! Hymn har byrja nå eg kjem og her er høve til å høyra noko annleis Metal/rock enn det ein (eg) gjer til vanleg; duoen Hymn sin konsert er innadvendt og tankesvevande. Det…

NIFELHEIM + VULCANO – Oslo – Betong

Vulcano og Nifelheim sleng innum Oslo på sin Thunder Metal Tour; ein annan positiv overrasking er at dei skal nytta den intime Klubbscena, for på Storscena på Betong vert det ofte ikkje heilt den same opplevinga av sonisk hat og Helved. The Stone kjenner eg ikkje til på førehand, Black Metal-folk gjer det nok, men…

MORBID SAINT – Oslo – Revolver

Å få gamal (1988) intens blodåresprengjande US Thrash på vitjing er ikkje småtteri; ein må henta fram Deathhammer for å få varma seg upp til slikt. (No er det ikkje dermed sagt at nokre (få) andre band her i lendet rundt Oslobygda like so gjerne kunne ha vore support, men) Når det kjem til desse…

MIDNIGHT + DEAD LORD – Oslo – Revolver

Dead Lord er godt i gong når eg tråvar ned i kjellaren, gjer ingenting for her er alt i sin beste "orden"! Ljod er ypparleg, stilen er ypparleg, bandet er ypparleg. Dead Lord vert eit band med eit drag eg har sakna i rockelendet utan at eg kunna ha sett dette koma; innimellom 80-tals Heavy…

HIGH PRIEST OF SATURN – Oslo – Betong

Doom-stoner-kveld? Ja! Det er torsdag og i grunnen helg. Space Warpers kjem på scena i god festform og leverar tung hard-spacestoner, dersom det er ein «sjanger» som heiter det; i alle fall, du skjønar teikninga, publikum kan symja i eit skitent inteplanetarisk lydhav. Vert gjort gode, skarpe ting på gitar, og slik ein slår trommer…

NEKROMANTHEON – Oslo – Revolver

Purple Hill Witch set i gong med DEN COOLE 70-tals, stonerske Doom’en; i eit ljoduppsett som høver fan spikre meg so godt til musikken. Trommer, bass og gitar i hugtakande rytmer, dette her treff meg so i helvet midt i margen; er ein herleg avlegs dåm over gig’en, sjølv 80-tals Metal høyrast nymotens ut i…

AUDIOPAIN – Oslo – Revolver

The underground, the underground. Den vesle kjellaren på Revolver fortset med å rekkje ei utstrekt hand til Proxy Management og band som er noko å høyra, i motsetnad til mangt anna som står og syner seg fram på storscenar i hovudstadsumrådet. Fyrste trio ut er Cobolt 60, breiskrevande høgtempokøyr og gromt mykje ljod i gitar,…

KOLDBRANN – Oslo – Revolver

Er du som meg og ikkje kjenner til Tusmørke får du deg ei overrasking med tanke på at her skal vera Koldbrannsk sleppelag i kveld. Bandet har ein hugsam tone over seg, vokalen fylgjer rytmene i medelåldersk preg med fløyting og gyngande melodiar. Mange andre band har dilla på vikingar og inkvisisjon, Tusmørke er ei…

AURA NOIR – Oslo – Last Train

Hovudstadens rockescene no.1 Last Train inviterar til spel og leik denne veka. Hades sønar skal spela i kveld, og ti minutt føre opning er køen lang utanfor. M.t.p. å sjansa til koma inn: Slikt ser alltid verre ut utandørs. Utseld vert det no lell; her me no står inne i den overveldande julepynten er det…

TIL DOVRE FALLER 2012 – Dag 2 – Dombås – Kjellar’n

Witchgrave (Swe)Morbus Chron (Swe)Occvlta (Ger)High Priest Of SaturnObliteration Obliteration går på og smørjar Metal’en sin utover dei mange som har funne vegen til lokalet. Det sler meg kor episk bandet læt. Dersom du greier å tenkja uttrykket sett i Olibeterationsk ånd og ikkje tysk poprock eller The Chasm; det kjennest berre som at bandet greier…

TIL DOVRE FALLER 2012 – Dag 1 – Dombås – Kjellar’n

Dovre fell med styr og skrell; tredje gong no, og uansett festival, her er landets grommaste line-up etter mi usle meining: One Tail, One HeadAntichrist (Swe)Dead Lord (Swe)InfernöResonaut og det er berre fyrste dagen. Når eg kjem upp troppa er Resonaut nett i gong; synest dei læt tyngre og meir langdrugt suggerande enn førre gong,…

SADISTIC INTENT – Oslo – Revolver

Summon The Crows er i gong før eg kjem meg ned i kjellaren her; eg kjem seint og Summon The Crows godt. For dette bandet treffar myrkt, med si blanding av fleire typar Metal eller tung crust let det likevel heilskapleg og bankande; i det heile ei grom stemning for oss som likar det stygt. Vanskeleg å plassera…

DISKORD – Dystymize yourself

I serien Band Svigermor Di Kunne Tenkt Seg Å Dra På Hyttetur Med er det DISKORD me skal ta for oss no. Norsk Death Metal med særprega, margskjelvande og alltid godt gjennumførte konsertar. Som har ein eigen evne til overraska ein inkjeanande headbangar med uventa skiftingar midt under låtane. Brått står du der og svaiar i tomromet. Andrealbumet "Dystopics" vart slept på trommeslagar Hans Jørgen sitt eige No Posers Please! Records i april i år (sjekk ut salsvarene på nettsida der! rått!). Og etterpå har HJ og bassist Eivind svara på nokre spursmål um dette bandet dei utgjer to tredjedelar av. Værsogod, read and dystymize yourself.

HELL’S PLEASURE 2012 – Dag 3 – Tyskland

Og det vart morgon tredje dagen. Morgon vil seia kl. 14. Miasmal står på scena, eit av desse tilkomstane i svensk Death Metal på 2000-talet. Miasmal lèt tungt og myrkt, jamt over bra konsert, sjølv um Miasmal neppe er det mest fengjande bandet du får av denne typen Metal; har på feeling’en at bandet er…

HELL’S PLEASURE 2012 – Dag 2 – Tyskland

Dei tre gutane i Zom vartar upp med Death Metal; tydeleg gamaldags inspirert, men gjer likevel sin eigen greie – HAIL! til det. Får ikkje dei typiske DM-riffa servert, dei går meir i jamnt svart, synes eg; vokalen er skikkeleg rå; jamt over gode styggheitar av eit ungt band. Eg kunne tenkt meg å høyra…

HELL’S PLEASURE 2012 – Dag 1 – Tyskland

No er eg på ei grasslette utanfor småbyen Pößneck i Thüringen. Her skal me vera i tre dagar med 23 band som verkar rimeleg utplukka; er mitt inntrykk at arrangøren har for vane å booka meir gjennumtenkt enn andre. Hail the underground! Eg kjem på campingplassen tidleg fyrste dagen men allereie er her kjentfolk, utanfor…

SAINT VITUS – Oslo – Blå

Tombstones har slept tredjealbumet "Year Of The Burial" tidlegare i år. Eg har ikkje høyrt bandet, synes dei høyrest Dooma og introverte ut i musikken, tungt!, sumtid meir vanlege rytmer som svingar skikkeleg; men for det meste er dette med hard, nesten skrikande vokal og med rytmer som skiftar uventa i gjennum låtane.   Trioen…

WAR PIGS – Oslo – Gamla

Ein konsert (etterschpell), med låtar av det tidlege Black Sabbath; må få med seg det! Dette er tributebandet med bl. a. Tore Moren (Jorn, ex-Arcturus -Skitliv m.m.m.); røynde folk altso, og det kan hjelpa på når dei skal gjenskapa stemninga av 70-tals Black Sabbath; det er spesielle sakar som vart laga på den tida! (No…

MORBUS CHRON + SALUTE + CONDOR – Oslo – Revolver

Condor dreg i veg med gammalgodthrash; læt rått, og fort i gitar, dette bandet gjer DIGG; kjerne av Thrash pluss ei aning myrkare sakar. Ungt band, generasjonane skiftar oftare på Kolbotn enn andre stadar, Condor er ætteleddet etter Obliteration og Nekromantheon. Det har stima på bra med folk óg, godt å sjå! Det er Salute…

WITCHTRAP – Metal Army March

(…this article is in English…)I 1992, medan Thrashbylgja på 80-talet for lengst hadde stilna, starta Witchtrap frå Medellin, Colombia upp. Um du ikkje allereie har høyrt dei: eit av verdas MEST Old School’e Thrash band, I promise! Sound’et er jaggumeg meir 1978 enn ’86. No har trioen slept sin tredje fullengdar; her er nokre ord frå den eine av brødrene Uribe, trommeslagar Witchhammer.

DEATHHAMMER – Røsker opp i gamle thrash-tradisjoner

I serien Satans Hjarteborn er turen komen til DEATHHAMMER. Bandet står for meg som det klåraste eksemplet på å ruske upp i gamle Thrash-tradisjonar frå 1986 og få det til å høyrast rukande ferskt. Duoen, Sadomancer (hellhammers & shrieks) og Sergeant Salsten (black breath & axe command) slepp no i vår to skiver; og då må me spørja og grava, veittu! Værsågod, me gjev deg DEATHHAMMEEEEEER (gå upp i fistel på siste staving).

Load More