ANTICHRIST – Oslo – De Ville’s

ANTICHRIST – Oslo – De Ville’s

Det er måndagskveld og pakka med folk i dongeri og lær og stas og øl. Tre band på turnè sveipar innum Oslo og gigantlokalet til De Ville’s.

Division Speed gjev ei original og underleg sjangerblanding, ikkje dreg dei seg inn i nærliknade uttrykk med sin Speed Metal: Heller spelar bandet seg fram i eit godgromt lyduppsett og blandar fartsmetallen med hardcore punk-vokal!, gitaristane og bassisten fyller inn vers anten dei har mikrofon eller ikkje. Strange But True. Etterkvart som dei held fram forsvinn all skepsis hjå meg for dette er gjort overtydande stødugt, DEDIKERT til Metal, heile konserten ut gjev ei god kjensle av intensitet og hårdleik.

Attic slepte albumet «The Invocation» i fjor, no slepp dei laus tyskmetall av det vondharde slaget; er særs lyarvenleg denne samspelte upp-tempo Metal’en, er ikkje noko fusk eller nøling. Kvalitet i framføring! DUBLE GITARHARMONIAR JA TAKK, vokalen er so King Diamondsk at det nesten er frekt. Meir tradisjonelle og NWOBHM enn Divison Speed; held Metal-fana høgt, fell ikkje i grøfta Glatt Power Metal; kanskje ikkje heilt ut eit tusenprosents band (enda), men ypparleg underhaldning for ein lyar med ortodokse Metal-vanar. Avsluttar med cover’en Pentagram «Dying World».

Antichrist heiter eit Speedthrash-band frå Sverige. Fyre konserten, under førebuingane, har eg ikkje sett meir skeptiske fjes på ei scene, det er som um dei ikkje vil ha noko med oss å gjera. Lat dei ikkje deg lura, for no går dei i gong. Desse gitarane, dei vrir seg, eldormar. Du er i helvete, du kjem ikkje ut, ikkje vil du heller, det sparkar på, i vansinnetempo, og du er fanga, her luktar ikkje godt, du får kjenna det på kroppen, sveitten renn. Men poenget er at DET LÉT SO SATANS COOLT. Ei låt er ferdig, og so harvar dei over deg med neste. Og den neste. Og den neste. Har eit band teken på raskthrashing brennmetall so er det Antichrist.