WAR PIGS – Oslo – Gamla

WAR PIGS – Oslo – Gamla

Ein konsert (etterschpell), med låtar av det tidlege Black Sabbath; må få med seg det! Dette er tributebandet med bl. a. Tore Moren (Jorn, ex-Arcturus -Skitliv m.m.m.); røynde folk altso, og det kan hjelpa på når dei skal gjenskapa stemninga av 70-tals Black Sabbath; det er spesielle sakar som vart laga på den tida! (No for tida veit eg berre um Furze som klarar noko liknande………..) Både komporomisslaust og depressivt-nervøst på same tid. Dette her er ganske bar og pub, bra og pøbelsk; War Pigs greier å laga rocka fest av repertoaret, lyden har den dosa av bass og trommer som trengs. Vokalen er ei utfordring; har før høyrd Ozzy-etterlikningar som treffer tonane greitt, men som er like inspirerande som ei vegstikke, ein kleshengjar (av plast, vel og merke), ein spandexkledd uppdrettslaks eller ein utbrent filtersigarett. Er berre å KJØRE PÅ; synes War Pigs lét ekte nok i vokal òg, starten av "Black Sabbath" og delar av "Hand Of Doom" er særskild grom. Alt i alt: TRIVELEG; det fortener me òg ettersom me vart plaga av han skitungen på taket i går. Skål! for Satan.