HELL’S PLEASURE 2012 – Dag 3 – Tyskland

HELL’S PLEASURE 2012 – Dag 3 – Tyskland

Og det vart morgon tredje dagen. Morgon vil seia kl. 14. Miasmal står på scena, eit av desse tilkomstane i svensk Death Metal på 2000-talet. Miasmal lèt tungt og myrkt, jamt over bra konsert, sjølv um Miasmal neppe er det mest fengjande bandet du får av denne typen Metal; har på feeling’en at bandet er eit av desse som vil gjera sakane sine særprega, dei lukkast med det; her er måtar å skruva saman introverte stemningar og fortsatt vera Old School Death Metal.

Horisont svingar det skikkeleg av; eg er veik for desse som ausar or 70-tals rocken, skitartig at band har uppdaga dét tiåret og greier å laga gromsakar ut av det. Vokalen er høyrest 80-tals Power/Heavy, den held seg rein og god heile vegen igjennum og legg seg fint i denne sjelelege og svalande rocken frå tider då folk hadde skikkelege bartar og ikkje berre geiteskjegg.

Morbus Chron; meir svensk Death Metal og desse fem karane gjer den so sært, trugande myrk at den vert lettfatteleg. Med jamne millumrom går låtane frå stillstand til villskap; vokalen hans Robba må nemnast, den er so myrk at den nesten gnistrar. Morbus Chron slepper trespors EP’n "A Saunter Through The Shroud" (Century Media Records) rett etter festivalen.

Assaulter gyv på med bra skiten Thrash’N’Roll; dette lèt overraskande stas, hadde venta meg meir pyntelege sakar på bakgrunn av nyare og kjedelege albumlåtar, men nei; dette med å sjå eit band gjera konsert er noko for seg sjølv, som vanleg er band haugget hardare på ei scene. Eg likar innstillinga her, bandet synes tydelegvis det er viktigare laga det aggressivt enn å gjera alt perfekt. Assaulter har eit godt rocka driv i Metal’en dei leverar; ikkje heilt ulikt gode gamle Atomizer.
No seier eg SKÅL! Begeret med fire, fem? desiliter øl kostar 2,50 Euro pluss den ekstra Euroen dersom du har mista begeret, fyllik.

Spørs um ein får med seg Proclamation sin Black Metal dersom ein er for full, for her går det som reimar og filler fyk. Noko einsidig i høgtempo, nærast ein avlang trommeutblåsing. Godt lét dei, lell, og vokalane til bassisten og gitaristen er sjeldfengde upplevingar, dei skiftar på å "syngja", og begge er holt kaldt ropande, høyrest ut som blesen gjennum hovudskallar i Helheimen.

Necrowretch slår an med skiten Death Metal, noko stutte låtar i starten av konserten, og sidan eg ikkje har høyrt bandet før er eg noko skeptisk. Ah, der! Det ordnar seg, eg treng desse låtane over 3 minutt, dei får fram stemningar. Necrowretch har denne lause stilen i låtane, slikt gjer inntrykk i ei tid nokre Metalband tilstrevar å låta so maskinelt som mogleg og eg sender varme tankar til den/dei bookingansvarlege. Hyppuge gitarjusteringar i millum låtane, kjedeleg det, men so kjem gitarist og vokalist Vlad fram til mikrofonen att og annonserar neste låt med eit andletsutrykk prega av plagsam pine og sadistisk forakt. Metal. Necrowretch vil eg tilrå til ei scene nær deg.

Kveldens eldste band hittil, Solstice, står på scena; og når får me Doom Metal so det held (i alle fall fram til The Skull som går på seinare i kveld); gitaren hans Rich Walker grusar gromt og han Andy Whittaker stikk knivskarpe soli innimillum, sårt og vemodugt er det uppi alt òg. I Paul Kearns har dei fått ein vokalist som høver godt inn i Solstice’ sound. Lange låtar gjer at eg forskrekka høyrer Kearns fortelja at konserten er over allereie etter få låtar. Men dei engelske gentlemen stig på att og leverar ein ekstra, "Cromlech", og var der gitargrusing hjå han Walker før er der granittknusing å høyra no.

Midnight er over oss, dette er fornøyeleg, provoserande og ikkje minst fengjande svart Rock’N’Roll Metal. Maskane trioen har på seg er eit eller anna millum finlandshette og desse runde vindskjermane mopedistane brukte før i tida; synes i starten desse dempar vokalen urlite, men det er vel inga von um at bandet skikkar seg og går over til meir høveleg utstyr av den grunn.

The Skull går på og no er her vanvetug neveklemmande nakkeslengjande bra sound frå start av; bandet går i gong med gromlåt etter gromlåt med den FEEEEEEEITE gitarlyden, ja, lyden over heile linja, òg. "The Tempter", "Bastards Will Pay", "Assassin", "The Fall Of Lucifer". Dette er jo Trouble frå Chicago sine låtar, og (den grommaste) perioda er midt-80-tals. Verdas tyngste kristenforkynning. Den har ikkje verka. Derimot dei velduge Black Sabbathske riffa, og: For ei røyst Eric Wagner har! Syner korleis på låta "Truth Is, What Is". Høyrde ein annan konge, Wino, på tysdag, dette er må vera Week Of The Vocalists. Konserten synk noko utover i settet for min del, fortsatt tungt, men ikkje lika rocka på det som kjem frå "Plastic Green Head" (1995); heilt tilslutt kjem ein roleg romanse som ekstralåt; når den er ferdug inviterar han Wagner likesogodt heile publikum til teltet bak for å drikka. Ein kar må fram på scena og avlysa den invitasjonen. Stor og generøs gamalmetallar på alle måtar.

Siste bandet heiter Unholy og det minnar meg um at eg skal heim att til Pilestredet i morgon. Dette finske bandet driv med noko eg ikkje har høyrd før; musikk i sein og midttempo, gitarane flyt i gjennum låtane utan å riffa og vokalen er stutt gneldrande. Uansett, det er festivalens siste band; Hell’s Pleasure har verkeleg vore det dei lovar i namnet. Og dersom dei les dette, hehe: Hail og skål for godt gjennumført.

http://www.hellspleasure.de