TIL DOVRE FALLER 2013 – Dag 2 – Dombås Hotell, Niagara Falls

TIL DOVRE FALLER 2013 – Dag 2 – Dombås Hotell, Niagara Falls

Smart upplegg med å ha festival på hotell. Folk kan overnatta i nærleiken; enten det i lavo eller på hotell eller motell. Er pussig å koma til konsertlokalet før det startar upp att, knapt ein kjeft er å sjå inne berre få minutt før konsertstart; stutt veg millum overnattting- og konsertstad er vel noko av grunnen. Elles har det vore mokussafari, eg forventar detaljerte reportasjar, Stian.

Det sig inn folk, men fleire burde ha vore her no og fått med seg Flight. Kontant og velspela Heavy Metal, verkar som gutane har teken på dette. Rein-vokal og midt-tempo; får kjensla av at Flight ikkje har tenkt å selja seg til sukkerspinn-bransja, det er ein feeling bak riff og punch; strengt plassert i sjangaren utan å skjena ut i melodiøse eller Speed Metal’ske banar, berre reinspikka METAL.

Neste band krev ikkje dramatiske skifte på scena frå Flight sitt mannskap; Christoffer Braathen på gitar og Jonas Bye på bass og vokal får med Magnus Garathun på trommer og dermed er det Mion’s Hill som står der. Bandet  har slept debutalbumet «Black Death» på Apocalyptic Empire Records no i september; «Black Death» vert grundig presentert, og har du høyrd den, eller demo’en «Festering Curses», er du einig at dette er ein forbanna (og) grom Metal; høyrest so enkelt, so dystert, so skjerande rivande rått i vokal og gitar, og so nedovertrykkjande i rytmer, og: dei covrar «Messiah» av Hellhammer….

Meir sveitsisk: Bölzer dreg i gong sin ekstreme Metal, rått ljodande. Og nær klaustrofobisk; det der med å sløyfa bassisten er ikkje heilt i min bane;  „Det vart hans bane", står det i Snorres Kongesogor; og so daua han. HzR si tromming er eit godt skode, sit og sler fast med vinstre handa medan den høgre veivar mot ei anna tromme lenger unda og DER! sler den til; cool-sint og hard-stram tromming. Brutalt gjennumførd til duo å vere. Men „bassen" ligg som ei gjørme under gitaren, og konserten hadde vore ein aning eller tolv spenstigare um dei hadde nokon på bassgitar; vil lell seia at dette var ei cool uppvisning i intens zvart anti-positiv faenskapz-Metal.    

Out to eat, og seint inne att, Aura Noir har kome til „Black Metal Jaw" når eg kjem inn. Tvilsam prioritering, for kan ikkje hugsa å ha sett bandet so på stell på lengje. So burti natta herleg på haugget! HAUGGGGHHH! Dette er konsert som gløser, det er som trio‘en nyss har slite seg laus og kjem no for å hemna seg. Ei setliste vert komponert undervegs, resultatet er ei pakke som er svidd på alle sider, med låtar frå alle dei gamle skivene.

Woha! Til Dovre Faller goes postmodernistic! Festivalens særaste band, ja særast i festivalens historie. Altaar er med blant anna Espen T. (Killl og tidlegare Diskord) og Didrik frå Obliteration. Trur eg. Lite veit eg um Altaar og mindre skal eg skjøna. For dette er hardt å svelgja; utan tema  som typiske Metal-riff og slikt, og med ein video i bakgrunnen, som handlar om uvandte helse- og omsorgspraksisar, vert ein ståande og lura på um livet eigentleg var meininga, det er so mykje som gneg, liksom. Musikken til Altaar, derimot, verkar velgjort og gjennumførd slik den er, men altso utanfor den typiske Metal-stilen. Langsakte og godt samanhengjande og med klågevokal. Det hardnar til noko utover i settet, men då er eg på veg utover sjølv, i Dombås‘ myrke lende, for å unngå schizophreni.

So snur eg framved burne- og råneplassen i sentrum, har då for fan gløymt å kjøpa Mion‘s Hill-albumet, kjem inn att og raskar den med meg (jau då, eg betalte for det, i motsetnad til festivalbilletten (takk, Morten (og til lydteknikar Rob og resten av crew‘et (som vel stort sett berre er Sindre S., keep it small!) for enda ein grom Til Dovre Faller))).