TIL DOVRE FALLER 2013 – Dag 1 – Dombås Hotell, Tokyo

TIL DOVRE FALLER 2013 – Dag 1 – Dombås Hotell, Tokyo

Til Dovre Faller er kanskje verdas minste Metal-/rockfestival, men eg veit ikkje um mange som har meir interessant line-up. Hintet er Ortodoks Metal Worship; det er fjerde gongen no, og folket har funne ut kva slag gullgruve for øyregongar og rockefot dette kalaset er, for festivalen har vore utseld sidan februar.  

Gouge er eitt av fleire band rundt og (delvis) med Condor; gitaren og ikkje minst vokalen til Christoffer B. KNUSAR godt; og den tromminga til Herman H. der!, høyrast som om han ikkje har gjort anna, denne bankinga hans er utan nøl og tafs. Covrar Repulsion "Excruciation", låta nemnast som eit hint om korleis du kjenner deg når du høyrer Gouge spelar.          

Magister Templi bankar i frå seg den mest fuse konserten eg har sett av dei. Har dette gamaldagse New Wave Of Britsh Heavy Metal-preget over seg, men Magister lagar ikkje låtar som er uppattgjering av andre sine, dette må vera uvande sakar for den som vil ha US party Metal. Den førhaldsvis rolege "Lucifer" kjem tidleg, so er det schlutt på ro og fred; med Heavy i høgt tempo og intens flot.  

Rust set i gong ein Black’N’Roll-konsert som värkligen fyllar upp romet og hugen; smakar skog og blaut jord av dette, slik passe laust, med eit gromrote drag og god flot. Er ikkje ukjend med eit par av Rust sine stutte utgjevingar, „Rite Of The Grave" (2009) og „Damned Hellish Voids" (2012); dette er lell godt over forventa. Enda eit DIGG svenskeband. Finst det dårlege band i burti der?     

Audiopain er resepten for å kurera publikum for sløvheit og slappe haldningar til fest og fart. Settet deira er fylt med "friske" og kontante Thrash-åtak, slikt som "Believer", "Obsolence", "Homicide", "The Memory Of Man", "Revel In Desecration"; pluss den tyngre og myrkare "Gospels From Hell", go’speill frå helvete. Ei setliste spreidd utover i diskografien; dei spelar óg eitt og anna nytt, so her er noko greier på gong, den som har lever får sjå. Den friske fjellufta har visst sett si preg, bandet visar fram ei meir råkøyrande side enn sist, på Revolver i Oslo i februar, og det seier me ikkje nei takk til. Hadde dei ikkje visst fram ei meir råkøyrande side enn sist, hadde me ikkje sagt nei takk, då heller. Me hadde i det heilt teke ikkje sagt nei til ein Audiopain-konsert.  

Spectral Haze har dette tung-coole svingande drivet, eit heilt serskildt band for min del, suggerande og rocka; gitarsoli som svevar rundt deg; ein vert som førd med denne musikken, bandet set lyaren inn i eit slag dragsug-stemning. Har på kjensla denne konserten er likeso gromt spela som den på Last Train i august, og det seier mykje!, men etterkvart vert eg plåga med lyden som ikkje er ven med bandet.  

Dette var jaggu artig, fem ganske forskjellige band som alle ausar ut or seg knatrande grom krutmusikk. Trur jammen eg skal hit i morgon kveld óg.