WITCHTRAP – Oslo – Pokalen

WITCHTRAP – Oslo – Pokalen

I Oslo denne helga føregår World Music Festival rundt om på ymse scenar. Metalheads tenkjer kanskje «Og kva so? Har det noko med Metal å gjera?» Ja. Festivalen har ikkje trekt inn kva som helst for band, men eit som står for undergrunnsmusikk og for trufast reinskoren Thrash Metal gjennom over tjuge år: Witchtrap frå Medellin, Colombia.

Fyrebandet er (opprinneleg chilenske) Procession, med Felipe Plaza i front, han kan kjennast att som Nifelheim sin live-gitarist, bakarst sit han Uno Bruniusson frå In Solitude og trommar. Men båe desse band (serleg Nifelheim) er langt unna Procession; som Witchtrap er tru mot Thrash er Procession tru mot Doom Metal. Syngjande og episk, Procession er i området til Candlemass og Solstice.

På tre tidlegare forsøk har eg til gode å taka av på ein konsert av Procession, men trykket dei gjev her i kveld gjer konserten outstanding i den samanheng, det Doom-grusar gromt i gitar. Dette steinharde sound’et gjer heile konserten til ein kongeleg oppleving; når Felipe og co. legg inn dei hugtakande eposane «Raven Of Disease» og «Chants Of The Nameless» kjem i tillegg det meir melankolske ved Procession fram i full prakt.

Omgrepet ‘den best løynde skatt’ har sjeldan passa betre enn no når Witchtrap etterkvart vert klåre der framme, sjølv oppdaga eg ikkje bandet før for nokre år sidan. Noko av grunnen til status som erkeundergrunnsband kan vera at bandet i lenge ikkje spelte utanfor heimlandet Colombia; bandet har før i kveld ikkje spelt i Europa i det heile teke, nokso underleg sidan dei har ein hardruskut ‘tysk’ stil. Høg score for booking!

Det brakar i gong, det vert klårt frå fyrste riff at me legg ikkje ut på ein piknik med te og roser i håret, men Thrash Thrash THRASH METAL! tvers igjennom. Ein gitar, bass og trommer, eit oppsett som verkar både strengt og livleg, som trio lét Witchtrap meir valdsamt enn det meste anna. Vokalen hans Carlos Uribe er overraskande ljos, mogleg grunna den nære og tette lyden ein alltid får her på Pokalen, ein kjenner seg som plassert i eit rasande inferno av Metal. Likevel kvass og den druknar ikkje i hans eiga evig-riffing, som har lite av pausar av svevespel og draumeaktig strengeplukk. Stutt sagt: Burning Axe Ripper.

Den andre av brørne Uribe, Witchhammer, er for meg kjerna i Witchtrap; enkel stødig tromming som bankar kontinuerleg og utålmodig fram Witchthrash Metal’en; dette skapar ufyseleg god live-stemning i ein ande av kompromissløyse. Den verkeleg herleg-sjuke tunge trommesveipa (som på «The First Necromancy»-demosamlaren, 1997-98) uteblir, kanskje like greit, sidan dén kunne ha sprungje i stykkjer lyden som frå før er tøygd til nivå nær-brestande.

Låtane spring ut i frå dei fleste utgjevingane, er ikkje viss på om dei spelar frå dei nyare, årets splitt-EP med Nunslaughter og «Dark Millenium» (2013), det er uansett nok gull å ta av, og det som eg synest kjenneteiknar bandets eige uttrykk (og no snakkar me om VERKELEG TRUE METAL) er at det er ikkje skilnad på låtskrivinga frå demo’en «The First Necromancy» fram til sistealbumet «Vengeance Is My Name». Alt er berre like gromt, og alt er like tidleg-Thrash, det vil seia med ein dåm av New Wave Of Britsh Heavy Metal.

Det her er mengde og i høgare eining, konserten varar langt inn i natta, utan at det slit på evna til å ta i mot meir, setlista vert plussa på med to encores etter oppfordringar frå publikum og antal låtar endar på rundt tjuge. Ta den! SALUD