PORTRAIT – Oslo – Betong

PORTRAIT – Oslo – Betong

Portrait sleng innom Oslo på veg til morgondagens Til Dovre Faller, som står som medarrangør av denne South of Heaven-kvelden. Portrait er ikkje småtteri, og kva med support-bandet?!

Enda er det berre tredje gongen eg ser det unge bandet Flight, synest denne spelinga her vitnar både om stø kurs og tydeleg plassering innan tidleg 80-tals Metal. Mest av alt: dei verkar å ha ein god feeling for det dei driv med. Denne smittar over på lyaren. Eg veit ikkje om me har eit liknande band for tida her i landet, kjem an på om Black Magic er oppe og går att eller ikkje.

Det er i seg sjølv hugtakande at Flight kan skapa so fengjande Metal som samstundes åldri er på veg mot det lettvinte eller melodiøse. Bandet syner seg sterke i vokalen til Christoffer Braathen og i riff-gromme låtar. Desse riffa ligg jævla godt i rytmene, som er adminstrert av Herman Holen bak trommene. Eg synes det er klasse over Flight sin Metal, det retteleg dåmar av det nyskapande innanfor det tradisjonelle. Sikkert og visst at det er mange fleire som kan føla for dette enn denne vesle hopen framfør Klubbscena.

Portrait har vorte kjende som eit band som fører den gamle Metal’en vidare. Med eit meir internasjonalt drag over seg enn fyrsteskiva, og ikkje i eit so typisk svensk-Heavy sound lenger, legg dei ut i ein stristom av ein konsert. Har ein rein ljos-vokal, eit sikkert kjenneteikn på Power Metal for den tradisjonelle diggaren. Det som scorar hjå meg her at det er stødigt og hardt i rytmer. Og den instrumentaldelen som kjem tidleg i konserten gjev ein god kjensle, her kjem leadgitarane verkeleg til sin rett. Slik Portrait er i dag, frå og med det andre albumet, er óg ganske beteiknande for korleis konserten kjem fram. Høgt tempo, tett straum. Skal ikkje keia lesaren med kva for Portrait-skive som er Skiva; må berre seia det er stor stas når dei dreg "Beware The Demon".