HELL’S PLEASURE 2013 – Dag 2 – Pössneck, Tyskland

HELL’S PLEASURE 2013 – Dag 2 – Pössneck, Tyskland

NWOBHM er ikkje noko mindre hard enn meir ekstrem Metal som Thrash, Death og slikt; ikkje um ein dømer etter punch’en til Amulet. Det dette bandet driv med er gjennumførd engelsk Metal frå 1980 og derumkring. Habile sakar, konserten veks i gromheit utover settet, låtar som «Let The Blood Run», trur eg den heiter, og «Sign Of The High Priest» kjem noko heftugare fram enn dei tidlegare i settet. Metal i dåmen av tidleg NWOBHM gjer deg tyrst; skål.

Vorum lét so valdsamt under lydsjekken, at eg trudde konserten allereie var i gong, vert overraska når dei går av: so kjem dei att, blodugt utsjåaande som etter eit internt slagsmål. Lange upp-tempo låtar, hardkvass ljod og god (som her tyder liten) variasjon i rytme og riff. Vorum er svart Death Metal, og dette kan minna meg um Unpure sin konsert her i fjor. Mykje slenging med instrument; overtenning, plåga av insekt eller misnøye med eit eller anna i framføringa?; kven veit, ungdomen rasar; ras vidare, Vorum, for dykk er på gong med ein cool Death Metal.

Svartedauði er i gong med eit overveldande ekkolydlende i høgtempo og rare riff som kunne ha vore 90-tals Black Metal, men som er teke eit steg eller to «vidare». For meg er bandet mykje lyd og lite Metal, men denne ljodproduksjonen er hugtakande, bandet høyrest som dei spelar uppe i allheimsrømda ein stad, sjølv um den neppe er staden Svartedauði asossierar seg med. Men gromljod åleine skapar ingen konsert i seg sjølv, so eg held ikkje ut heile settet.

Attic tek upp tråden frå Amulet, men meir Metal’sk enn den rocka NWOBHM til engelskmennene. Igjen eit band som lét i seg sjølv gromt, i tillegg til at stilarten deira er midt i blinken; duble, tette gitarar, ja, men det er upp-tempo bass og trommer frå Chris Erdmann og Roman Bittner som gjev konserten noko ekstra i høve til alle andre band som freistar lukka innanfor denne sjangereren. I tillegg til ein vokal som uavbrote lét som King Diamond (urlite meir mjuk, då enn han gamlefar) i høgfrekvent syngjnde modus gjennum heile settet.

Er ikkje serleg bekannt på kva som røyver seg i stonerrockverda, so neste band veit eg ikkje kven er. Men coolt lét trioen; rytmistane går stødugt uavbrote medan gitaristen tek på seg ymse uppgåver, klimpring, sære lydar og, eller den skjer inn med riffing. Høveleg smårå og god vokal, óg. Lét langt frå so tungt som Acid King; det «psykedeliske» innan denne sjangeren er ofte pinglute, men dette bandet synest eg gjev frå seg gromleik i både tunge og lette stemningar og ei hugtakande samanhengjande speling frå ende til annan.

Cruciamentum. Massiv Death Metal i godljod med mykje lead-riffing som er både råe og glatte på ein gong, meir korleis det er mogleg. Eit par av medlemane i Cruciamentum er med i Grave Miasma, og bandet ligg ikkje langt frå Grave M. i stil. Elektrisk og eklestisk, jamne djupe kjensler av tradisjonell Death Metal, men gjort i ein svart og domedagsdragande atmosfære. Coolt og gromt denne måten å gjera det på!, kjenner meg innpakka i musikken, um Vorum gav frå seg kvass-sakar, gjer Cruciamentum det på ein måte som gjer at ein står og dreg seg inni ein dåm av dom og daude, utan at ein er klår over det, hypnosis. Bandet gjev ei veldug og verdug avslutning av konsertane sine, for det skal visst vera den siste dei gjer, dette.

Necros Christos laga ei so tam stemning på Killtown Deathfest i fjor at eg knapt gidd å sjå dei no; når eg likevel har meg inn på konsertplassen ca. halvveges ut i settet får eg DEN bakoversveisen! Mindre flotande Death Metal enn Cruciamentum, noko «uppstykka» riffing og låtar, men står seg i dette sound’et som er meir rustete, på den gode måten!, enn dei fleste DM-band; vanvetugt bra! Gravrøysta hans Mors Dalos Ra kjem fram RÅ, nesten sprukkjen.Tolv nivå over fjorårets konsert. Sjølv utan at eg får med meg gromlåta «Impure Burials Prevail» er dette ei fårleg sterk uppleving, um dei spelte låta før eg kom har eg berre meg sjølv å takke. Takk, idiot.

Satan, bandet Satan. Det har vore ein del merksemd rundt denne reunion’en av dette NWOBHM-bandet, albumet «Life Sentence» kom tidlegare i år, og uvanleg nok er heile mannskapet frå gamletida med. Vokalist Brian Ross spør um kor dei tredve åra sidan «Court In The Act» (1983) har vorte av; ser ut som dei sit rundt livet på deg, Brian, hehe, jaja det er viktugt å få i seg nok mat óg. Eg hadde tenkt å gå etter godlåta «Trial By Fire», men den spelar dei jo fyrst av alle, og dette lét so FEITT at eg vert huga på meir. Røysta hans Ross er i form, glatt og tek høge fistel flott, gitarar tjukke som stålbjelkar og eit hugsamleg trykk jamt over. For ein (eg) som ikkje har høyrd bandet sidan «Court…» er det tydeleg at dei har ein ljod-reinare stil sidan då, utan den same kvassleiken frå ‘83, og meir av massiv Molten Heavy Metal.

Verdas tyngste band: Det er på tide å gjentaka seg sjølv og framehva ljoden her på Hell’s Pleasure. Electric Wizard i dette ljodformatet er heilt formidabelt. Han Jus Oborn syng ureint, bassen er urein, gitarar er ureine. Dette er inntrykk skapt av musikken sin tyngde og av dens likvidasjon av optimisme; for her er likevel godljod utan surr og sprak. Førhaldsvis, og berre førhaldsvis, tradisjonell stoner og Doom Metal, groove-kjensleladd musikk med låtar som set seg i deg her i sumarnatta. Electric Wizard lét so desperat og psykotisk at dei reinskar upp i hugen på nokon kvar; ypparleg balanse millum det rocka og det depressive, innoverretta haze; ho Liz og dei tre karane gjev nær upp til perfekt avslutningskjensle på ein festival. HURRA! Kan vel seia uttrykket ikkje legg seg uproblematisk i stemningane eg nett har høyrd frå scena, men det høver liksom óg; yess, eg styrtar inn i ølteltet for å bearbeida og bløytleggja konsertkjensla med eit intensivt væskeinntak.