INFANT DEATH + TOXIK DEATH – Oslo – Rock In

INFANT DEATH + TOXIK DEATH – Oslo – Rock In

Ein fyk ut or heimen med Rock In som mål. Ja, det er den kvelden i året, onsdag i påska. Når eg kjem ned troppa på South of Heaven sin Rock In-konsert med billetten i handa, er det rett ut att grunna det byråkratiske opplegget med wristband som delast ut på hotell. Det, og billettprisen, er på grunn av at konserten er lagt under dei latex-laminerte vengjene til ein viss Infernofestival. Den knallharde prisen er ca. tohundreogtretti over det South of Heaven tok i sine glansdagar.  

Ein ting som gjer antakeleg verdas kjedelegaste land leveleg, er denne oppkomsten av band som gjer sin greie fullt ut. Ved å draga i saman dei fleste sjangrar innan den meir snøgt-gåande Metal’en og likevel landa godt innanfor rekkevidda for lyarar med sans for den opprinnelege fartsmetallen. Som er frå åttitalet. Som Infant Death, bandmedlemane var allereie eldgamle på den tida. Då kjem eg på ein annan ting;  når gamlingar lagar nye band har dei ein tendens til å vera av det meir bornevenlege slaget, gothrock og liknande, men slik har ikkje Infant Death tenkt det.

Me ventar på at klukka skal verta 11, for her skal det gå rett for seg, struktur for faen! I mellomtida har trioen ein slags lydsjekk; noko som faktisk har noko for seg, for når bandet startar  lét det skjerande gromt. At Infant Death er vanvetugt intens musikk er ein ting, men det er forsterka av at dei lagar melodiar (!) inni køyret. Det skjer meir i låtane til Infant Death i løpet av eit minutt enn det har gjort i løpet av heile diskografien til Amon Amarth.

Det er tromming i høgtempo, skiftande rytmer og riff i eit sett. Likevel utan at eg misser tråden nokon gong. Det skjer heller ikkje når eg lyar til bandets utgjevingar, som i fjor var tre i talet, to demoar og albumet  «War». Knegge (gitar og vokal) annonserar eit par nye låtar, ny skive er på gong; dei lét – i tillegg – sære i gitaren. Sære på den gode måten, på den Voivod-aktige måten. Det renn på med gromlåtar, nye og gamle hand i hand. Annonseringa av «Powerful And Prosperous» utløysar udelte positive attendemeldingar frå folket framfør scena, mogleg grunna vokalarbeidet den låta har. I det heile teke er det ei festleg affære hjå publikum, med mykje aktivitet i folkehavet. Me får seia som han gamle Ivar [1] : «Han saag ut paa det baarutte Havet; der var ruskutt aa leggja ut paa»

For min del er ikkje forventingane til Töxik Death til si speling lågare enn dei var til Infant Death sin konsert, dei var høge. Ein so gneistrande råttlydande Thrash er sjeldfengt å høyra, sjølv her til lands. Igjen er det klukka som bestemmar oppstart, bandet står i mellomtida på scena og har ein sokalla lydsjekk; jhuj! den gitarlyden der lovar gruveleg godt! Når det bér i gong er i eit brutalt lydformat, gitarane og bassen samansverjar seg mot vokalen; det er mogleg eg ikkje høyrer  vokalen i det heile teke, utan at eg er sikker. Då har det vel eigentleg meir med meg å gjera enn med lydoppsettet. Same faen, det her er synest eg er Speed Thrash Hell-Metal i det rette sporet. Og når det bakarst på scena trommast på denne opprinnelege måten, [2] både strengt og laust på same tid, gjev eg eigentleg fanitullen i det meste.

Ikkje for det, vokalen på Töxik Death sine to siste slepp er eit ekstra krydder i eit elles godt og vilt opplegg. Den går frå passe rå til psykotisk og ein er ikkje sikker på om det er lurt å stå nærme bandet her i kveld. Det eg her snakkar om er  «Demo 2012», og albumet  «Speed Metal Hell» (Demonhood Productions) som vart slept før i år. Dei er ei ‘straff‘ (ei herleg straff) for at eg nesten hadde gløymt bandet. For trass i at debuten, minialbumet  «Happy Fukking Holocaust» (2007), var eit tilskot til ein veksande norsk Thrash-flora, oppdaga eg andre band som ofte spela på Oslo-scenene (Deathhammer, Nekromantheon og seinare, Condor) og som for meg vart synonymt med 2000-talets framkomst av norsk faenskap i Thrash Metal-format. Dette endra seg med 2012-demoen so til dei grader – med sin meir free flowing fast ripping stil er Töxik Death heilt DER.

Slik kan ein skriva seg burt frå heile konserten. Men eg har eigentleg ikkje meir å fukking seia, om kva låtar dei spelar, til dømes. «Highway Warrior», «Thrashforces Of Evil» og meir til. Som sagt er den mentale tilstanden hjå meg mindre kognitivt innstilt på fakta og slikt. Dette gjev seg utslag i eit kroppsleg bevegelsesmønster som elles i veka kan beteiknast som unyttig. Som her er påverka av eit faen so coolt band med ei innstilling til Speed Metal som er heilt på line med slikt det var rundt midten av 80-talet, pluss ein myrkare undertone, eller tre, av dåtidas Thrash Metal. Konserten er brått over, slik som det ofte er når ein har det moro.

SKÅLLL    

 


[1] Ivar Aasen (1813 – 1896). Nynorskens stamfar og Noregs fyrste Metalhead. 

[2] If it ain’t old school it ain’t Thrash (sitat: kåre willoch).