METAL MAGIC VI – Dag 3 – Ungdomshuset, Fredericia

METAL MAGIC VI – Dag 3 – Ungdomshuset, Fredericia

Punkbandet The Nimbwits startar dagen inne utan at eg får dét med meg. Trial vert soleis fyrstebandet; tradisjonell Heavy Metal, men dette vert for snilt til at eg greier å fylgja med. Linus Johansson har ein clean vocal langt over gjennumsnittsnivå, Trial lét likevel langt unna Emerald sin mykje meir tungtdrivande Metal.

Death Rides A Horse lét overrumplande tungt og raskt i høve til det eg hadde forventa. Trommslagaren har ein flaksande stil som høver godt inn her, stonerprega Metal rock; av og til flaksar trommestikkene ut or hendene på han som brukar dei og ei flyg upp og inn bak backdrop’en til bandet, utan at dette sinkar eller hemmar speling og slåing.

Fiercer er eit tribute-upplegg no på morgonkvisten; fire faste instrumentalistar med ein serie forskjellige vokalistar som er framme etter tur og gjev frå seg gromlåtar; til slutt hamnar det i Mercyful Fate («Melissa», «Come To The Sabbath», «Evil»!) og King Diamond. Alt som vert gjort er ikkje av meg kjend, men før den danske Metal-tribute’n høyrer me blandt anna Motörhead «Killed By Death» og Mayhem «The Freezing Moon». Og han vokalisten som song til Running Wild «Chains And Leather» gjorde det jææævlig bra, spør du meg! Coolt når ein framfører klassiske gromlåtar på sitt eige vis utan å skandera dei i velmeint entusiasme.

Horned Almighty. Liksminke og greier. Black Metal av 90-talsslaget, ikkje noko gale i dét, men eg kjem meg ut or lokalet snøgt. Hevdar sterkt at sjangeren inneheld iskalde riff og ikkje berre maskinmessig høgtempotromming; soleis greier bandet å låta raskt men ikkje intenst samstundes.

Turbocharged steppar inn for Martyr som avlyste og gjer myrk, tung Thrash med grov-vokal. Det heile lét heilt godt og betre enn det, men uturvande er desse stagnante riffa som brått sler inn; slikt høver seg lite når ein står og spelar i trøye med logo’en til Hellhammer. Det høver seg ikkje elles heller. Denne gongen kan eg ikkje seia at alt det gromme bandet gjer bergar Metalkjensla slik at eg vil høyra heile settet.

Ketzer har ikkje spelt flettene av meg før, og absolutt ikkje på skive, for Black Thrash med hovudvekt på 90-tals Metal er ikkje alltid hugtakande. Men no, høyr! Ketzer lagar eit helvetes bråk av det slaget som Turbocharged mangla i stad; og eit samanhengjande køyr i fartsfylt vondskap. Åldri hadde eg trudd Ketzer kunne låta so feitt! Dersom feitt er ordet, for det går i eit grått, men etter høvet godt Black sound. Um dei ikkje har treft meg med låtane før spelar dei no fram ein konsert av sterkaste slag, utan sommel og heft og med heile mannskapet hungrige på å overtyda publikum, noko dei greier, for no byrjar det å likna Metal’isk stemning her inne.

Nokre gonger merkar du band som har det vesle ekstra, gjer du ikkje? Intensitet (riff på tromming på riff på tromming), råskap (sound’et spyr ut rufsute ormar som høgg deg i nakken) og flyt (konstant samanhengjande Metal utan pause). Enda er det argaste ved bandet deira evne til laga riff som er vågalt ulike andre. Vomitor er TOTAL DEATHHH og so heilt konge at eg veit ikkje kva. Gromt beyond belief.

Inn igjen, til Black Oath, eit band som treffer meg i nærleiken av 80-tals Candlemass, som er noko at det fagraste eg veit um. Kanskje ikkje heilt der, men kva faen, desse tunge gitarane, og vokalen som høyrest alltid nøktern, nesten sofistikert. Uttrykket er nok mindre strengt og sakte enn Procession’s, men vokalen til Black Oath ligg meir saman med musikken, og dette treff meg. Låtar frå «The Third Aeon» (2011) er mest kjend av meg, og skapar ei stemning som er eit av dagens høgdepunkt so langt. Raskare låtar vert spela, og nyskiva «Ov Qvilphoth And Darkness» (vinylen er på Horror Records) er dei natruleg nok óg innum.
No er me inne i ein god stim her. Artillery står på scena ute og verkar i å vera i form, sjølv um brørne Stützer ikkje ser slik ut. Vokalisten er skifta ut sidan Metal Merchants i 2009, Michael Bastholm Dahl heiter han no og syner det meir ungdommelege energiske i bandet, god clean vokal på scena igjen; bandet verkar friskt, samkøyrd. Er ikkje mykje Thrash i Artillery no for tida, tendensar til meir melodiske greier. Saknar låtar frå «Fear Of Tomorrow» (1985), eg har ei førestelling um at det beste eg har høyrd på vinyl er det beste å høyra på konsert; vel, stemmer ikkje heilt med røyndomen, for spelinga og repertoaret ber seg fint utan låtar frå dette debutalbumet.

Mortuary Drape har laga mykje rare låtar upp gjennum tida, synes eg. Men i år som på festivalen Hell’s Pleasure i fjor gjev dei frå seg ein god, myrk konsert, bandet verkar dedikert i den musikalske framføringa, so her er ikkje noko å klaga på! Godt og hardt lydformat, og det er fyrst no at det er ljosshow til konsertane inne i kveld, det er med på å farga ein hugtakande og intens konsert. Dersom det er so viktig med desse ljosa, då. Det er det kanskje (ikkje).

Dødheimsgard avsluttar utekonsertane med eit repertoar frå «Kronet Til Konge» (1995) og «Monumental Possession» (1996), som dei óg gjorde på Blå i Oslo i fjor; desse to fyrste fullengdarane deira verkar langt frå like, men samstundes langt unda dei seinare skivene, so omgrepet «old school set» har jaggu si meining her. Coolt å høyra han Vicotnik, som einaste gitarist, riffa og riffa fram desse gamallåtane, det vil på ein måte ingen ende ta; sjølv um dei blandar set-lista er ikkje forskjellen på dei to skivene er generande her i kveld. Vicotnik gjer óg ein rivande vokal; ein gjestevokalist kjem på, han Aldrahn er det vel, um røysta hans er spenstigare reiv Vicotnik’s vokal hardare i mine øyregongar. Dessutan er det no ein som førar seg kjedeleg tullete der på scena. OK, eg går og set meg sjølv etterkvart, mett og god av Metal.

Tek kvelden gjer eg, gløymer at både The Black og Violentor, men her ligg eg, uvisst av kva for grunn, sløvt, send klage på eige skjema, har vore ein cool, men ikkje kjøleg, festival, dra hit du óg, dra til helvete, dra til HELL’S PLEASURE.