HELLBOTN METALFEST 2014 – Dag 2 – Kolben Kulturhus, Kolbotn

HELLBOTN METALFEST 2014 – Dag 2 – Kolben Kulturhus, Kolbotn

Når eg kjem meg til Kolbotn, til Hellbotn Metalfest’s andre dag, har Mion’s Hill allereie kome i gong. Musikken er av eit slag som både kan kallast Doom og Death Metal, kan på papiret forståast som meir sprikande greie. Men det er dette so langt i frå. Mion’s Hill er noko av det strengaste innan Metal. Bandet kan dette med å vera beherska og innett horror-infiserte på ei og same tid. Det som likevel tek kaka er det tydeleg, solide grunnlaget i tidleg myrkmetall-sound og midt-tempo rytmer som gjev meg kjensler av New Wave Of British HM oppi alt.

Gitaren slepar og knusar og høgg seg fram, bass og trommer driv i lette kliv, og på toppen ligg ein heilnorsk svartedaud-vokal. Eg synest Mion’s Hill sin konsertljod ligg tett opp til albumet «Black Death» (2013); låtane treff i djupna i denne lyaren, dei spelast solid, heilt i tråd med  bandet sitt uttrykk. Bandet er tydeleg og direkte og fortel med musikken kva Metal var, er og skal vera. Hardt, enkelt og fullt av velde, smerte og faenskap. Likar du ikkje dette, gidd eg ikkje skriva meir. Då er det ikkje håp for deg.
Trass i at her berre er tre band er det ikkje lange pausar; ein får tid til å rusla ut i gongen til stands frå skivebutikken Neseblod og frå banda; vinyl, CD, kassettar, trøyer, jakkemerke. Dei fleste av publikum går ut for å drikke prate røyke mumse grillmat. Det skit Deathhammer jamt i, for når døra går opp  høyrer eg dei allereie er i gong der inne. Innatt kvasst!
Deathhammer har vøri på turnè i Nord-Amerika i sommar. Tru korleis det ser ut der no, for dette er IKKJE nokon snill Testament-«Thrash»;  dette er ei daudstreskande eld-ofring . Det kjennast på kroppen, og det kjennast som dei legg den råe, primitive kjensla frå norsk svartmetall til 80-talets internasjonale tungmetall; fanatisk og intenst, med riff på riff i full speed.

Der andre Thrash-band freistar å laga meir strukturerte og ordna sakar, driv Deathhammer fram låtane som om dei har tenkt å dengja deg etter konserten. Dersom du greiar å hengja med, nytar du ei passe svidd pakke av djevelskap som åldri gjev deg mykje ro til å bearbeida det du nett fekk. At det verkar so laust og vilt i so stor fart gjer at ein ikkje har serleg lyst til å stå i ro; snøggtromming, granittsound og tidvis fistel-vokal; samstundes som som det er faktisk sungje i ein viss melodi (!); og med låtar som treff Heavy Metal-nerva.

Det heile er sjølvsagt på kanten, og på slutten er det over kanten; oppløysinga nærmar seg, spelar dei fire låtar på ein gong?, mogleg dette er ein hemn mot publikum fordi dei måtte spela «Fullmoon Sorcery» etter ynskje frå salen. Akkurat dét er vel som å freista å endra kursen eit herjande lyntog.    

Aura Noir rundar av ein heilt storveges line-up, eg kunne ikkje ha laga ein betre sjølv, høhø. Fjas til side, det retteleg gløser av festivalplakaten, konsertar med THRASSHH METAAAL balsam for sjel og kropp. Luggen får lufta seg, ja! Når det kjem so kvasst og kompromisslaust som Aura Noir vert ein sett inn i ei anna verd ein elles ikkje er i. Enda har bandet urlite meir å gå på, synest eg, enn det eg høyrer her, med tanke på kanongig’ar på Dombås og Revolver; konserten er likevel langt over gjennomsnittet av det meste og fleste innan Metal.
Aura Noir har Metal-verdas mest hugtakande katalog av låtar; det må vera ein lukkeleg jobb å plukka ut låtar til ei setliste. Skal eg jamføra med dagleglivet er det som å stå framfor ei hylle i skivebutikken med berre godskiver, resultatet kan berre verta gromt same faen, ein kan plukka i blinda og likevel koma ut or det i ein rus og ei visse om at ein har gjort det rette valet, og at ein kunne ha valt heilt annleis og vore like vilt glad.
Aura Noir legg ikkje opp til noko serleg pausing og prating, den eine låta avløysar den andre; kjenner livskrafta susar når eg kjenner att DEN låta, som like gjerne kunne ha vore ein annan låt, med påfylgjande same flyt av adrenalin. Kva for låtar Aura Noir spelar her i kveld spelar gidd eg ikkje å koma inn på. Alt skjér like rått uansett og det er bare å KJØRE på. Eg er heilt på linje med den filosofien der.
Det tek slutt, som alt anna; grunna togtider og Oslo-puben Kniven si tiltrekningskraft fell Kolbotn attende til forstadsstatus etter konsertane er over (sjølv om det heller er Oslo som er ein forstad til Kolbotn når det gjeld framkomst av gromband). Folket forlet lokalet, og medan eg legg ut på ein halvannan times gåtur for å finna haldeplassen til nattbussen (i røynda berre 5 min. unda), tenkjer eg som so, at heimesnekra vinylkasser er best. Eller meir relevant i denne samanheng: dette var ein usedvanleg intens festival på høgt plan, SKÅL

 

Hellbotn_14_poster.jpg