HELLBOTN METALFEST 2014 – Dag 1 – Kolben Kulturhus, Kolbotn

HELLBOTN METALFEST 2014 – Dag 1 – Kolben Kulturhus, Kolbotn

Kolbotn kallar! Ei (giftig) kjelde for ei rad med norske Metal-band; eg ser for meg slimete skjelett på botnen av ein innsjø og uforklårlege skuggar som røyver seg mellom trea; kva ventar ein når ein kjem fram? Bortføring og ofring til gløymde gudar.

Når eg kjem fram til kulturhuset Kolben er det berre fryd og gaman utanfor konsertlokalet. Folksamt i høve til uteplassens storleik. Dette er altso Hellbotn Metalfest, og alt verkar berre harmonisk, som ein restaurant med grillmat og drikke og sosialt samkvem. Men det er berre utanpå. Inne ventar tre band som kan gjeva ein heilt andre kjensler. 

Hymn sin musikk er ikkje kvardagskost for min del, men eg har stor von til konserten, for Hymn har ein evne til å lokka lyaren inn i sære landskap med sin utradisjonelle Doom Metal-aktige musikk,  slik eg høyrde dei i Oslo ved eit høve (som support for Magister Templi). Men i kveld må eg gjeva pass for lyden er nokre hakk for valdsam og høg. Ei pysepingle-avgjersle, kanskje, men er ikkje grunna manglande interesse for konserten. 

Purple Hill Witch har ein heilt anna Doom-stil enn Hymn; dette bandet er av det slaget du tykkjer du ha høyrt før. Men det har du ikkje (eller  mogleg du har; dei har opptrådd ved mange høve, Høstsabbaten i fjor, til dømes). Bandet sjølv er relativt nye, men lét fleir tiår gamle. Dei legg fram eit herleg stonerrocka, 70-talsdriv over Doom Metal’en som set seg i dei indre organar til einkvar som diggar det opprinnelege: Tungt som satan og forankra i eit enkelt opplegg med ein gitar, trommer og bass; det svingar meir av Purple Hill Witch enn mange av meir introverte banda innan nyare Doom-stoner-psykicsgreier.

Purple Hill Witch greier å laga gull ut or gråstein; eg tykkjer låtane her balanserar elegant mellom det kjenslevare og det tunge, og det utan at det vert lagt inn særleg ambiente låtdelar. I staden held dei seg innanfor ein klassisk Metal-stemning heile vegen; tydar på at bandet har eit jævelens godt grep på korleis laga låtar innanfor ein sopass smal stil. Bandet slepte sitt sjølvtitulerte debutalbum på Church Within Records i juni og har frå før singelen «Alchemy» (2013) ute. Det visste du vel frå før, i alle fall burde du ha visst det, no veit du det uansett. Alltid lurt å lesa konsertmeldingar her på ET.

Waklevören går til verket med stor ofse og mykje fus. Det er høgtidssamt dette, for denne konserten er (kanskje) den siste bandet gjer, og dei har tydelegvis bestemt seg for å ta rotta på oss. Forklåring: Etter nokre sjukt bra konsertar for eit par år sidan, to på John Dee blant anna, forsvann Waklevören liksom ut i inkja, det ryktast om at det var over finito schluss the end. Attpåtil verka dét liksom ikkje so nøye, trass i to skiver og ein EP og den sintaste punk-Thrash’en eg har sett. Alt dette skal nok hemnast no i kveld, for framføringa toppar det eg tidlegare har vore borti av deira konsertar.
Låtane retteleg smell i råskap og sinne; vokalist Gorgon sine jordnære meldingar, om meir fart på publikum, blant anna, dette gjev berre tilskot til hardleiken; som når katten sleng musa omkring for å løysa opp nakkemusklane, før den set tennene i den. Gorgon hoppar etterkvart ned frå scena for å hjelpa publikum i gong; kjem i gong, so til dei gradar. Dette er eit opplegg som er heilt rett på alle måtar. Sound‘et har eit herleg tett og myrkt drag over seg som sit som ein kniv i bringa, og den  flegmatiske og samstundes bitre stemninga bandet fører seg med gjev ein grom, ekte feeling av helvetes Metal i høgste gir.
Sjokka og oppstemt vasar ein seg ut i sommarnatta når kalaset er over, ein går som i ein draum og kjem kanskje heimatt,  etter ein kveld som har bydd på eit temmeleg variert og godt materiale. Ikkje snakk om å fira på noko som helst i sound eller booking, sjølv om Hellbotn må vera ein av dei minste festivalane i landet.  I morgon kveld er her meir; Aura Noir, Deathhammer, Mion’s Hill; sov godt i mellomtida og gjev bamsen ein ekstra klem, for dette kan verta di siste natt på denne jord.

 

Hellbotn_14_poster.jpg