AUDIOPAIN – Oslo – Revolver

AUDIOPAIN – Oslo – Revolver

The underground, the underground. Den vesle kjellaren på Revolver fortset med å rekkje ei utstrekt hand til Proxy Management og band som er noko å høyra, i motsetnad til mangt anna som står og syner seg fram på storscenar i hovudstadsumrådet.

Fyrste trio ut er Cobolt 60, breiskrevande høgtempokøyr og gromt mykje ljod i gitar, meir i Black enn typisk Thrash Metal, synest eg; høyrer Thrash’en berre sjeldfengd her. Kan sjå det cool’e i det hard-faste fortsetjande i gjennum heile konserten, verkar einskapleg samansett og jamt over koseleg slik sett, utan at det tek skikkeleg tak i underteikna. Vurderar publikum konserten som som drekkametall i staden for ein appelsinklemmande og golvsopande moshrasande helvetesskapande fest kan eg skjøna det, for Cobolt 60 gjev lite av sjeledirrande stemningar for lyarar som er kome forbi grunnkurset i Metal.

Mion’s Hill får eg endeleg sett sidan eg greidde å bomma på datoen på den etterkvart so umtala kulturkrasj-kvelden på Internasjonalen i desember. Bandnamnet osar Sabbat, men her er, som med alle gode band, ein eigen måte å gjera tinga på; i eit herleg gamalkoseleg jordnært sound. Dei tre i bandet finst att i Condor, Gouge, Mabuse, ein ny generasjon som har funne fram att den upprinnelege myrklagte Metal’en. Tilvekst og dedikasjon! Riff, "melodiar" og ominous horror! Mion’s Hill kan skildrast som Heavy/Doom (i gitar), tung Thrash (på trommer) og, eller, svartna hardcore punk (i vokal). Eller at: coveren "Messiah" av Hellhammer fortel det meste um kva dette bandet driv med.

Riff på riff, som vrir og vender seg i Thrash og urein disharmoni, det er Audiopain, det! Rock’N’Roll! Er berre å stå og ta i mot faenskapen. Eit par nye låtar har dei laga ogso, fortsett ingen tendens til å gjera det lettvint, dei har det typisk Audiopainske med å lata lyaren dvela i stutte riff-intermesso før det brakar laus att med resten av bandet og Metal’en, fortsett framført av Petter B., Kickan (i Lobotomized-trøye, ugghh!) og mr. d’hlie sjølv. Ikkje heilt "der" som sist eg såg dei (John Dee, 8. sept. 2011 & Christians go home!), men det skal HLVT’s mykje til for å toppa den gromljodkvelden. Bandet har si eiga tidsrekning og har no kome fram til 27 e.1986; kveldens vorstellung er eit nytt djupdykk i gamaldans, altso Thrash Metal frå 80-talet som er gjennumherja og -dyrka i den særeigne tilstanden kalla……..AUDIOPAIN. .