SADISTIC INTENT – Oslo – Revolver

SADISTIC INTENT – Oslo – Revolver

Summon The Crows er i gong før eg kjem meg ned i kjellaren her; eg kjem seint og Summon The Crows godt. For dette bandet treffar myrkt, med si blanding av fleire typar Metal eller tung crust let det likevel heilskapleg og bankande; i det heile ei grom stemning for oss som likar det stygt. Vanskeleg å plassera i sjanger; tungtslåande frå alle tre, og vokalen…….. har likt den før òg, men altso: den er av dauden gjeve.  

Sadistic Intent gjer sin andre Noregsvitjing på to år, det kan seiast at det jobbast godt i kulissane med å få hugsame konsertgjestar hit i landet!; desse obskure gigantane innan US Death Metal er noko av det gjevaste eg veit um av myrkemetall. Frå det sparkast i gong med "Morbid Faith" til det endar med…… hm, ja, uvisst, blame the beer, lefsar Cortezkarane og dei to andre skiten og gamalgod Death Metal ut til ålmugen på golvet. For den som ikkje er på det reine kva eg pratar um gjer dei seg ei teneste å finna ut dette; står hugen til band som ikkje kvernar ut det standardiserte C Corpse- eller Nile-stuffet, men som dreg med seg det argaste frå 80-talets svarte/dauds-Thrash er Sadistic Intent eit funn for deg. Det er noko utydeleg i gitar i kveld – Summon The Crows hadde ein betre ljod spør du meg! – det sparast ikkje på noko, Den Urgamle Svarte Jord reiser seg og svelgjer oss heile og befrir oss frå all konform glattmetall og når eg ser folkelivet framføre scenekanten tenkjer eg at igjen har dei myrke maktene vunne og signa oss med ein kveld me kan mimra over.