METAL MAGIC VI – Dag 1 – Ungdomshuset, Fredericia

METAL MAGIC VI – Dag 1 – Ungdomshuset, Fredericia

Metal Magic er eit lite og attraktivt føretak for slike som vil ha ei dose av undergrunnen og, eller attlevingar frå 80-talets Metal. Liten i tydinga maks. fem hundre publikummarar (og kroner for festivalpasset). Og ikkje liten m.t.p. antal band, tre dagar med to scener inne (lita scene) og ute (stor), gjev over 30 forskjellige band å sjå. Utseld er det vel ikkje i år heller, noko uforståeleg, for arrangør har peil på bandhenting; Vomitor, Nocturnal, Hellstorm, Black Oath, Angel Of Damnation er dei som har trekt meg hit.

Fyrst feil tog, so rett tog, slikt tek tid; når eg stig ut or drosja (for å finna fram, er berre 20 min. å gå frå Fredericia jarnbanestasjon) er Corpus Mortale i gong, velspelt, ekte og sterk Death Metal-vokal der. I grunnen ein hyggjeleg og solid start, men einsformig i lengda, hadde eg sett meir enn halve konserten hadde eg moglegvis vore mindre begeistra.

Eit par band var sett upp før eg kom; Roarback («thrash») og Pet The Preacher (stoner), og eg nyttar tida til Void Moon sin konsert å slå upp templet på campingen. Ikkje noko i mot Doom Metal, nei!, men denne melodiøse stilen er totalt burtkasta elektrisitet.

Har tjuvhøyrd på Wasted sitt 1984-album «Halloween…The Night Of» og ventar NWOBHM med gromme betonggitarar no, men dei lét ikkje heilt der, i periodar mykje tung midttempo utan serskilde riff kan óg vera ei utfordring for den feststemte tilhøyrararen. Vokalisten kan sjarmera svigermor di i senk og seng, han har óg denne småsinte harde vokalen som høver so coolt i gamalmetall. Bassen og ein del 80-talslåtar får fram rocka kjensler hjå underteikna; Wasted har ujamne låtar, men ein (eg) vert ståande med eit «Hmmm… ja!» når konserten er over.

Det er dette med å gå attende i tid, Hellstorm har lagt frå seg Black Thrash’en frå det seine 90-tal og har no ein stil som rockar og thrashar med ei langt meir jordnær kjensle, sadistisk og happy fartsmusikk, veit ikkje um andre band som greier dette likeeins innan Metal i dag. (Albumet «Sacrifice Sacrifice» er eit av fjorårets grommaste slepp). Det er mykje melodi i riff, men óg sopass hardtromma og skiftande at du som lyar vert boren med; fengjande, livleg levande, heilt fandenivoldsk i vokal. Upptempo Heavy Metal som kan njotast saman med thrasha band som Sabbat (Japan) og Sodomizer.

Hobbs’ Angel Of Death står for kveldens meir typiske THRASH. Han Pete Hobbs har samla saman eit band som turnerar Europa for å forsvara Thrash’en ubestridde posisjon som hovudkultur i verdsdelen. Noko meir enn det veit eg ikkje um australiarane greier; Hobbs’ er urlite grann for trygge i uttrykket her til at eg går tomatoes, det vert for mykje engasjementsfaktar på han Pete i millum slaga utan at dette vert fylgd upp i spelinga alltid. Djup god sound, kunne vera skarpare i rytmegitar. Konserten treff meg likevel tilfredsstillande på alle kroppens Thrash-sonar (under levra, millum okslebladane, etc.) men utan at eg upplev det store uttømande katarsis.

The Vein. Grom den lead gitar-ljoden der! Glir som eldormar. Kvass og growlande vokal, den karvar trommehinnene ut or skallen. The Vein er doomsk Death Metal, stil-fast, små endringar i trommer i gitar gjev ei innovervendt stemning som kan høva i DM-sjangaren. Det gjer den i alle fall no, dette saktegåande er fylt med dveling og skifte som gjer konserten hugsamleg myrk, og eg undrast kvifor eg ikkje har høyrd um bandet før; tenkjer dette bør sjekkast ut meir av gamaldagse myrkmetallentusiastar, bry deg i so fall ikkje um at fleire i The Vein er med i Altar Of Oblivion.