METAL MAGIC VI – Dag 2 – Ungdomshuset, Fredericia

METAL MAGIC VI – Dag 2 – Ungdomshuset, Fredericia

X Teenage Rebels startar dagens program. Duble vokalharmoniar og gitarsoli vert koseleg av di det er sopass heftug tromma. Men det tapar seg i slutten, klikkesosialt og kjedeleg når dei driv og delar ei flaske med nokre publikummarar der framme i staden for å driva fram punken like hardt som i starten.

Ei overrasking kom på programmet etter at eg kjøpte meg billett til festivalen: Infant Death, verdas mest hyperaktive band; to demoar og albumet «War» (Apocalyptic Empire Records) er slept i år. Hyperaktiv er musikken óg, riff vert slengd fram i høgtempo, so heng med! Utruleg intenst, Thrash Grind Speed, whatever, snøgge skiftingar, og velspela i eit nokonlunde tydeleg ljoduppsett; vokalen er av dette sinte, naturlege slaget utan growl eller vræl. Som tilhøyrar vert ein sentrifugert og mishandla på kvalitetsmessig høgt plan. Kven dette bandet er veit ingen, mogleg dei stammar frå ei folkegruppe som på pur faen slo seg ned på Kamtsjaka 6000 B.C.

Altar Of Oblivion spelar tradisjonell heavy; med Doom Metal’ske element og reinvokal. Men kvar er hatet? Dette er i det lettaste slaget for meg; fungerar som bakgrunnsmusikk når ein sit og pratar over ein øl eller to.

Convixion dreg ei uppvisning i punka Speed’N’Roll. Lite spanande låtar i lengda, mykje lyd utan det heilt tydelege i gitarane, men stort engasjement, vert ståande og høyra vidare mykje på grunn av elegante og samstundes sint tromminga av han Manos Kehagias der bak, den jagar vetet ut or skallen på meg og erstattar det med heftuge Thrashkjensler, gromt slege der. Covrar til slutt Exciter «Violence & Force». Fleire i bandet skal på att seinare i dag for å gjera tribute til Cirith Ungol.

Mirage har reunion-konsert, dette lét delvis coolt rocka, berre delvis sidan eg er Motörhead- og Manilla Road-fan langt meir enn Kiss-fan. Er ikkje Kiss-fan i det heile teke. På grunn av overstrenging i varmen legg eg meg etterkvart nedpå i teltet og har ikkje so store føresetnadar for å uttala meg um konserten. Skal ikkje seia at det er Mirage som gjer at eg vel å gøyma meg nett no, men det er ikkje eit heilt tilfeldig vald tidspunkt, heller.

Finger Of Scorn, knelande skjelett i logo’en, «It points to our fall…» og til Cirith Ungol. Dette åttitalsbandet var slik særeige NWOBHM som fortener ein tribute. Karane i Convixion er like heiltente som i stad, dette går noko ut over den obskure kjensla dette gamle US-bandet hadde, lyden er nærast Thrash, og det var Cirith Ungol ikkje. Konserten bergar seg på låtmaterialet etterkvart, framføringa stig i hugsemd for min del når låtane frå «King Of The Dead» (1984) vert spela, blant anna låta som har gjeve namn til tribute-bandet, «Finger Of Scorn».

So Emerald. Gamal og ekte Metal, kva er betre enn det? Festivalens clean’aste vokal hittil med han Bernt Kivits; bandet har nokonlunde same mannskap sidan gamletida («Down Town», 1985); utan at eg skal påstå at dei har halde på uavbrote sidan då. Dersom ikkje so gjev Emerald reunion-omgrepet ei uppreising, for dette er vellyd i mine øyro, kraftfullt og metallisk, eit band som styrar unna det typisk melodiøse (ikkje heilt alltid, her er noko som dreg ned), og held trykknivået uppe, og han Kivits har denne evna til å halda tonen og intensiteten i den heilt ut. Han gjev temmeleg personlege meldingar, ved eit høve seier han at ei låt handlar um mor hans som er hjå «Gud» i himmelen; det raggute, halvfulle og kanskje ikkje utprega kristne Metal-folket greier med ei sams kraftanstrenging å lata vera å kommentera dette høglytt og profanisk. Bandet får ta det som kred for ein sers bra konsert. Himmelen burde uansett ha vore overskya no, her på festivalen er det varmare enn Helvede.

Angel Of Damnation. Har sett fram til dette på førehand, albumet «Carnal Philosopy» frå 2011 har fått køyrd seg heime. På gitaren er han Avenger frå Nocturnal, og trommeslagar er Hellbastard (som inntil nyleg óg var i Nocturnal), men her går det i Doom og stoneraktig NWOBHM med punch og melodiar som er fengjande utan å verta rett melodiøst. God, rein vokal der av han Doomcult Messiah, ein kar du finn i ymse tyskarmetallband. Det er slik med gromkonsertar, dei raderar ut sine eigne daudpunkt, for det kjedelege intermesso’et med sampla prating midt i konserten dreg ikkje nemneverdig ned, låtane er SO coole. Synest desse karane har treft blink, på ein merkjeleg måte, på den eine sida minner Angel Of Damnation meg um eit eller anna gamaldags band, men eg veit ikkje kva, og på den andre synes eg at eg åldri har høyrd noko liknande.

Ut til storscena igjen, her går det unda. Vonar du heng du med, me er over halvveges no. Procession vert eg åldri heilt hundre tusen prosent «klok» på, synes han Felipe P. driv eit band som er so tungt, strengt og ekte Doom Metal at ein ser ikkje mange andre som greier tilsvarande. Men vokalen hans verkar uspanande trass i at den er syngjande nok. Nyskiva «To Reap Heavens Apart» (High Roller Records) presenterast; «Chants Of The Nameless» frå fyrstealbumet avsluttar konserten og er den låta eg rettleg kjenner i kroppen, slikt har vel med at det er den eg kjenner best. Men lell. Har til gode å taka av på ein Procession-konsert, tredje freistnaden no, trass i at dei har dét jamne og støduge uttrykket av Doom Metal.

Nocturnal, ein av bilettmagnetane for min del, underheld verkeleg den Thrash-svoltne. Vokalen hennar Tyrannizer er sterk og står seg mykje betre her enn på albumet «Violent Revenge» (2009), men det er desse riffa og hardøyret heile vegen som er force’n til bandet her. Bandet har ny trommeslagar, han heiter Skullsplitter. Gjev assosiasjonar til heabanging; publikum er fåtalluge på festivalens inanndørskonsertar, synest eg, og temperaturen er høgare på headbangarfrontrekkjene «heime» på Revolverkjellaren i Oslo; no er det likevel eit visst sus over forsamlinga, all grunn til å gromkosa seg i denne rocka Thrash’en. Og, AAAHHH, dei covrar Whiplash «Power Thrashing Death»!

Portal høyrest ut som ein sementblandar som slest med ein slik stolpebankemaskine du sikkert har høyrd um du nokon gong har budd der bygg- og anleggsbransja har utfalda seg i grannelaget. Dette er visst utruleg populært, for folk står i haugevis og ser på konserten, men eg er ikkje viss på kva dei høyrer.

No går eg og legg meg, vil ikkje ha øydelagt Nocturnal-kjensla. Denne dagen avsluttast inne, med Beastmilk. Og for den framhaldande uppegåande fortset festivitasen i natt som i går natt med nachspiel på Generalen Pub lenger burti gata.