TIL DOVRE FALLER 2014 – Dag 2 – Dombås

TIL DOVRE FALLER 2014 – Dag 2 – Dombås

Den andre festivaldagen inneheld som vanleg den årlege moskus-safari’en på Dovrefjell. Eg er ikkje med på bussturen, men stør det fullt ut, på fråstand. Tunge, svære og langhåra beist med horn og eit mystisk uttrykk frå gamle tider er so Metal som dyr kan verta. Her nede i bygda kjem eg borti utandørs ølsmaking (nei, ikkje den vanlege smugsupinga rundt husnovene), med eit variert utval for vidarekomne ølproffar.  

Når det gjeld den nye konsertstaden, er den meir upersonleg enn den gamle, men so er det óg betre plass å røyva seg (det er vanskelegare å stupa på hovudet ned troppa, dersom det skulle vera eit must); baren er óg i same etasje som konsertlokalet, so det går an å handla seg fram til scena. Eit verkeIeg pluss er at inngongen til konsertlokalet er slik at du kjem inn med nasen vend mot scena, du får heile bandet rett i synet om du (eg) skulle ha somla. Lokalet er óg større enn det gamle, eg er ikkje viss på om det naudsynlegvis er betre for lyden eller ikkje, men det lét jaggu gromt nok i går.             

Kveldens fyrste band, Reptilian, har Death Metal som kan diggast for dei som er kome vidare enn Cannibal Corpse og liknande. Eg står og ser på trommeslagaren og undrast over korleis han held greie på slaga, Reptilian er sanneleg ikkje nokon rettfram affære. Det er likevel gitar og bass som dominerar lydbiletet; medan vokalen er i stutte skrik i staden for, til dømes, langdruge growl, nett det synes eg høver bra i musikken. Avansert og uvand, kanskje, Reptilian syner seg å ha eit eige grep på Death Metal’en og leflar på ingen måte med den, for bandet greier å skapa ei kald og myrk stemning.  

Purple Hill Witch står for festivalens stoner-innslag; stoner er kanskje ikkje den type musikk som har vore spela mest på Til Dovre Faller. Når det fyrst skjer, er det med eit band som blandar stoner med eit ufyseleg tungt Doom Metal-drag. Purple Hill Witch har óg denne reine, jamne og mollstemte vokalen som eit av serprega; dette gjev meg 70-talskjensler. Det er eg heilt for; eg meiner, kan digga noko av Morne og slikt, men Witchfinder General er no konge, då. Det synest Purple Hill Witch óg; til slutt covrar dei låta "Witchfinder General".   

Ranger, Finland. Bandet har i år slept ein sjutommars vinyl, "Shock Skull" på Full Contact Records.   Fleire enn meg er spent på korleis Ranger kan lyda live; fjorårets minialbum "Knights Of Darkness" var eit herleg køyr av Speed Thrash, og eg undrar om dei kan halda koken oppe live óg. Det viser seg etterkvart uproblematisk. Mogleg eg har ein hang-up på tromming her, men er det ikkje ei saftug samling av trommeslagarar som har samla seg her på Dombås i helga? Johnatan i Faustcoven, Einar i Virus, Øyvind i Mabuse og Purple Hill Witch, for å nemna nokre; og no han Miko i Ranger. Blandar fart og tyngde på eit sjukt godt vis, dette kjennast i merg og bein.  

Kan vera ein utfordring for lyden dette, slik tromming kan svelga det meste anna frå scena. Men lyden har jamt over vore god på Til Dovre Faller før om åra og er det under Ranger óg. Med ein bitande vokal og eit fartsras av gitarar kjem Ranger gjennom eit sett som held stødug intensitet frå start til mål. Meir på sida vil eg seia: Pluss for Exodus-hint i låtannonsering!  

Å gå på med Speed og Thrash etter Ranger kan verka avskrekkande. Vel, det verkar ikkje som Nekromantheon er skjelvne av den grunn. Frenetisk i soli og riff der, medan Kickan’s tromming ligg i eit skarpt lyd-lende og varslar juling lang lei. Nekromantheon live er eit kontrollert vilt kaos, verkar som dei slepper alle tøyler og vektlegg å skapa ein konsert meir enn å absolutt ‘fylgja boka’. Slikt gjev grueleg artige stunder kvar gong dette bandet er å sjå på ei scene. Når bandet nyttar to vokalistar som skiftar på, forsterkar det live-inntrykket.    

Bölzer stig på scena i myrkret, i år som i fjor. Til å vera ein duo lagar dei eit helvetes massivt spetakkel, her sparast ikkje på noko. Det er gjennomført breitt-ljodande, ljoden har den ekstra råe eggjen som kan minna om 90-tals Black Metal. Verkar som Bölzer har ein perfeksjonistisk og samstundes kompromisslaus Death Metal’zk innstilling. Skal ikkje påstå at Bölzer er ‘avantgarde’ eller ‘alternativt’, til det går det for mykje rett fram i fart og faenskap. Midt oppi dette er der ei kjensle av isolasjon og einsemd der du er dømt nord og ned same faen.  

One Tail, One Head avsluttar heile sulamitten med deira gromt svingande myrkmetall. Trass i at bandet ikkje er av dei eldste er her sakar og ting å læra for nokon kvar. Å laga Black Metal so heftug rytmisk trur eg treff fleire enn berre fans av atmosfærisk eller typisk ‘korrekt lydande’ Black Metal. Som eg har opplevd tre gongar – og vil sikkert oppleva med bandet igjen – er dette ein konsert som treff meg på Black’N’Roll-kjenslenerva. One Tail, One Head synest eg vektlegg det tunge i rytmer attåt den ropande desperate svartvokalen. Djevelsk coolt, og eg er viss på at Han óg synest det.  

Over og forbi er den femte Til Dovre Faller. Dette var ein meir enn grei nok fortsetjing av dei fire fyrste. Det som er ein force ved denne festivalen, i år som før om åra, er roa den greier å skapa rundt konsertane, ikkje noko sosialt stress som det er so mykje av elles. Men aller høgast er no evna til å booka band som kan gjeva konsertar på eit sopass høgt nivå, og trekkja dei langt ut/inn på landet. SKÅL