HELL’S PLEASURE 2013 – Dag 1 – Pössneck, Tyskland

HELL’S PLEASURE 2013 – Dag 1 – Pössneck, Tyskland

Hell´s Pleasure må vera den festivalen som har det beste konsentratet av gromband på programmet nest etter Til Dovre Faller; eg legg av garde i forventingar um gode konsertar og godt, tysk handverk i form av arrangering. Dessutan har campinglivet sin sjarm, berre spør Lobotomized. Festivalen er i år korta ned frå tre til to dagar, av ein eller annan grunn.

Bölzer er ein duo som gjev meg inntrykk av eit grunnlag i Black Thrash og Hellhammer, spelt fram med sære 90-tals Black Metal’ske riff og vokal; dette sære er ikkje meir forstyrrande enn at det legg seg godt inn i digginga. Vokalen er både variert, growle-ropande og so sterk at den kan kurera halsbrann i mils umkrins, og denne midttempotromminga er tyngre enn gjennumsnittet. Har som prinsipp å ikkje sjå konsertar utan at alle tre instrumenta bass, gitar og trommer er fysisk med og fysisk spela av fysiske folk, men dette prinsippet hugsar eg ikkje på før etter konserten er ferdug.

Irkallian Oracle har kome seg unda den kjedelege kjellarstøyen eg såg dei i i Göteborg på måndag. Startar konserten umtrent som Furze „Necromanzee Cogent" i intro’en, men legg seg so meir i eit slag Death Metal-lende. Einsformig i lengda denne vokalen, men bandet skapar stemning med eit repeterande og enedlaust riffverk av gitaristen, og ikkje minst av at gitarsound’et lét som om det vil slita ut or meg ymse indre organar. Obskure kappekledde musikarar som slepte albumet „Grave Ekstasis" (Bolvärk) på kassett tidlegare i år.

Når tromming høyest so rask, hard og både variert og stødug på same tid, vert det utruleg intenst å høyra på. IT’S A BLAST. Det er Verminous sin Death Metal eg snakkar um no. Diverre lét dei mindre kvasst i gitar, ikkje u-kvasst, berre mindre kvasst enn venta. Dette bandet lir under eit stort forventingspress frå underteikna etter ein kanonkonsert på Killtown Deathfest i fjor. Eigentleg spelar Verminous ein god konsert her, lét likevel noko luftugare enn den før nemnde fjorårs maktuppvisning som var i eit lite innandørslokale.

Vomitor sin turnè Satan‘s Escalation har kome til siste speling. Kva er det som gjer Vomitor so bra?, dei leverar intense, heile samanhengjande konsertar, utan stille der uppe, plågande, sadistisk myrk thrashande Death Metal (or die); vedhaldande riffing og trommer, som um dei er på veg å laga blast og villskap, men held attende i siste augneblink for å grava vidare i konstante og kontante slag på strengjar og trommer. Heile vegen noko for seg sjølv, Sodom ’86 og Cremation (Can) ’95 i Treblinka ‘88/’89-sound, kanskje; uansett, her i dag er Vomitor kongesjef Metal, låtskrivinga deira balanserar ypparleg, rullar over oss med stålvalsar og parkerar der for å hakka livskiten ut med the neutron hammer. Festivalar kan ikkje verta betre enn det dei er nett no.

Instrumentalt er In Solitude i toppen; dette er klasse-NWOBHM (New Wave Of British Heavy Metal, frå seint 70-tal, Judas Priest, Saxon m.m.), dei har sin (store) del av æra av at denne gamle upprinnelege Metal’en har kome attende. Vokalt synest eg han Pelle Åhman er på ein måte so klassisk svensk, minner meg til dømes um gamle skiver av Axewitch og Mindless Sinner; når han tek seg saman, vel å merka, han er „for engasjert" sumtid, og lét ved dei høva uppstykka. Det gjer han IKKJE på „To Her Darkness" som er grompunktet i eit sett som óg inneheld noko ukjend (nytt?).

Hobbs‘ Angel Of Death
! Thrash skal det vera, og Thrash skal det verta, til æveleg tid for fan, amen. Tenkjer at ljoduppsettet her i tunet er betre enn dei fo førre konsertane eg såg før i veka, dette spelar natureleg nok si rolle i upplevinga av bandet her: Tjukt, småmyrktlydande og samstundes råskarpt i gitar; han Pete Hobbs sin vokal er i hardcore-modus, og har visst ikkje tenkt å verta gamal, han ser berre slik ut. Forutan godljoden, syner bandet i seg sjølv å vera på haugget (enda) meir enn det eg har førestelt meg; her er tette straumar av ortodoks Thrash – A HEADBANGER’S DREAM.

Lange, melodiøse leads, desse sit godt gjennum Acid King sin blytunge stoner og Doom Metal; synest dette er tydlegare i dag enn i går (Berlin), mykje på grunn av festivalljoden, tru korleis arrangøren får det til; skal verta spanande å høyra um den fungerar under Electric Wizard i morgon. Acid King greier trass all brutal depresjonsmetall og -rock å gjeva ein, etter høvet, avslappande og stemningsfull stund, med melankolske drag i vokal. Ein merkar óg eh, kulturforskjelane? mellom Metal og stoner på slutten når ho Lori legg frå seg gitaren og står og diggar dei to andre i bandet til sistelåta er ferdug. Ser ikkje for meg at dette hadde vore like greit under ein Thrash-konsert; men!: Suggerande cool gig.

Repulsion! Alt sit som ein neve i ein jarnhanske; han Scott Carlson ser uforskamma pigg ut, og er av dei taleføre, takkar lydteknikaren for ljoden på scena og serverar fynduge introduksjonar til neste låt um einannan; han syner seg som festivalens mest taleføre frontperson, men utan å ta lufta ut or konserten. Det meste av deira „last album", som han kallar „Horrified" vert sendt ut, det går slag etter slag i eit intenst køyr innimillum låtannonseringar. Covrar Bathory „Reaper" med Pelle frå In Solitude som gjest (men versjonen på Oslo-konserten i mai med han Hand Of Doom frå Vampire var sterkare), og Venom „Schizo" og Slaughter si demolåt „Death Dealer". Gitaren høyrest ut som eit rotent kadaver sjølv, og i dette tempoet og gromkøyret er det berre å stå og ta imot og vona det åldri tek slutt.

Det gjer det, til gangs óg, for no er det Portal, diverre. Føremonet er at her kan du høyra kva lydformat dei vil ha, det er Death Metal‘sk, men kallar du Portal sin musikk Death Metal er eg temmeleg usamd. Lét heller industrielt, med monotonimontonimonotoni i gitar og vokal, og trommer som åldri kjem i gong.