KOLDBRANN – Oslo – Revolver

KOLDBRANN – Oslo – Revolver

Er du som meg og ikkje kjenner til Tusmørke får du deg ei overrasking med tanke på at her skal vera Koldbrannsk sleppelag i kveld. Bandet har ein hugsam tone over seg, vokalen fylgjer rytmene i medelåldersk preg med fløyting og gyngande melodiar. Mange andre band har dilla på vikingar og inkvisisjon, Tusmørke er ei frisk fornying, for nokre av låtane har ein bakgrunn i nordisk bronseåldersk gudedyrking. Forteljande vokalist og bassist som millum kvar låt legg ut um innhaldet, dette er stressvas ved eit par høve, men generelt ikkje, for det bitt saman konserten og gjev den eit folkeleg og forteljande preg som står i stil med musikken.  

Å gå over til denne energikula av Black Metal som Koldbrann er live er ikkje vanskeleg i det heile teke, god musikk er god musikk um den er særs forskjellig. Nyskiva "Vertigo" sleng dei innum, settet er lell mykje frå dei andre skivene. Ljoden er jamn og hard gjennum heile konserten, ikkje so kald som ein kan vente av eit band i denne sjangeren, men eg saknar ikkje det typiske ballenekro fordi her er so mykje anna som er kuult å høyra. Heilt detaljert kva som er so kult veit eg ikkje og same kan det vera sidan det er… KUUULTTT. Må være noko med at det er eit jamnt køyr og samstundes åldri "greitt"; dei greier å spela på at dei er eit myrkt, tett ufryskje og at: Mannevond er RIMELEG STERK på vokal.

http://koldbrann.net/