AURA NOIR – Oslo – Last Train

AURA NOIR – Oslo – Last Train

Hovudstadens rockescene no.1 Last Train inviterar til spel og leik denne veka. Hades sønar skal spela i kveld, og ti minutt føre opning er køen lang utanfor. M.t.p. å sjansa til koma inn: Slikt ser alltid verre ut utandørs. Utseld vert det no lell; her me no står inne i den overveldande julepynten er det faktisk ikkje trongare enn at du får puste, drikke, vase lite rundt og prate med folk. Spent på  ljoden no på førehand. To timar seinare: Jau, dette er julestemning so det held, jamnt og breitt åtak, inkje grums i gitar. Måten dei endrar tempoet på er nærmast overnaturleg, høyr berre på dei brå taktskifta på "Iron Night/Torment Storm"; i det heile teke er tromminga til han Valbo eit stødugt føretak, sjølv um det ikkje er heilt det same som då Agressor tromma. Bandet lét no uansett utruleg tett som ein åldri skulle tru Aura Noir kunne gjera, og kva faen, det er hugtakande å høyra korleis det fresast igjennum settet, som er av alle utgjevingane til bandet so vidt eg kan høyra. Langt um lengje men ikkje for lengje avsluttar dei med to tyske, Kreator "Flag Of Hate", og: Sodom "Blasphemer", med Salsten frå Deathhammer på vokal, Agressor bak trommene medan Valbo flytjar seg fram til gitarrekkja. Eit rått innslag som eg trur han Tom Angelripper og co. kunne ha gått god for attende i dei Golden Eighties.