SODOMIZER – Oslo – Revolver

SODOMIZER – Oslo – Revolver

Thrash i Revolverkjellaren! Thrash fucking Metal-kveld! THRASHHH!!!
Når eg kjem ned i kjellaren er her nesten ingen. SO BRA! Då vert det god plass og ingen som er i vegen for lyden. I ventetida spelast store delar av Darkthrone «A Blaze in The Northern Sky» på anlegget. På scena skal Sodomizer frå Brasil og US-bandet Hellcannon låta for dei som har møtt opp. Dei som ikkje har møtt opp får ingenting, HAH!

Hellcannon er eg ganske ukjend med, men det er lett å koma inn i denne Thrashen, den er tru mot det opprinnelege oppsettet med to gitarar (med mykje fuzz i) og rytmer som heile vegen lagar liv opp under gitarane (det motsette er kvelande start-stopp-tromming, dét slepp me å høyra her). Hellcannon kan dette med å leggja inn små skifte og gjera låtane headbangarvenlege utan at riffa i seg sjølv er serskild hugtakande. Noko for jamt vert det etterkvart, kan koma av at eg ikkje kjenner låtane; det er i alle fall herleg coolt når dei ved eit par høve rykkjer opp eit hakk i kvassleik og tyngde.      

Sodomizer sin ‘Speed Devil Metal’ er ein kontinuerleg hylling av ymse skrekkfilmar, «Evil Dead», blant anna; musikken kan ein kalla Heavy/Thrash med mykje Speed-leik i gitar. Her i kveld er dei som trio. Bassist Leatherface gjer denne syngjande (til Thrash å vera) råvokal med fistelskrik innimellom. Vokalen ligg noko inne lyden, i seg sjølv greit nok, men gitaren til han nye mannen, Priest Of Death, rår mykje av lyden utan at den fengjar på same vis som når eg høyrer på skivene til Sodomizer.
Lyden er ikkje dårleg, trommene til han Incitatus slepp verkeleg tungt til, og dét er i seg sjølv halve opplevinga, det er heile festen og den totale øydeleggjinga av alt som smakar skit, snorr, smør og sukker, altso mainstream. Sodomizer har (serleg sidan 2003) vore eit band som held den gamle Metal’en framme, småmelodisk riff-fengjande og med det EKTE sound’et som høyrer til. Dette merkast i kveld ved at låtane har ein hardpunch i bass og trommer blanda med det meir melodiske i Leatherface sin vokal; her er inga hindring for svinga skallen full(!?)digging. So vidt eg kan høyra spelar bandet ein blanding av eldre, nyare og heilt nye låtar, og går liksom av til slutt, men det er berre ei kunstpause før dei går på att og dreg "Cenobites".

Har sansen for at turnèar vert lagt innom Revolverkjellaren; når utanlandske band kjem dragande med merchandise og riggar seg til med salsbord (men ingen vinyl her …), og ikkje minst spelar, synest eg at eg får ein smak av det som røyver seg ute i Metal-verda. Og når fyrebandet Hellcannon står saman med publikum og diggar Sodomizer ser eg det som eit teikn på samhaldet i undergrunnen. RESISTANCE! SKÅL