TIL DOVRE FALLER 2014 – Dag 1 – Dombås

TIL DOVRE FALLER 2014 – Dag 1 – Dombås

Festivalsjef Morten Thøring inviterar til fest igjen, og me reiser oppunder skrent og villmark til Dombås. Denne gongen skjer det i nytt lokale i nybygget på Dombås Hotell. Men elles verkar alt ved det gamle. Med andre ord eit godt opplegg for den som ikkje likar å vassa i folkestraumar. Pluss eit sælt godt grep om bookinga. Til Dovre Faller freistar ikkje å sleika mainstream-fara etter banda som er dei gjævaste til eikvar tid; programmet er som vanleg eit konsentrat av det grommaste innan undergrunnen; det er óg innslag frå utanfor Skandinavia med Bölzer (Sveits), Ranger (Finland) og Omega (Hellas).  

Mabuse er eit av fleire nye norske band som lét ulikt andre eg kan koma på for tida. Skil seg ut med å vera ‘trygt’ (hm) plassert gammal Death Metal, før sjangaren stivna i standardlyd og fart. Mabuse er ektefølt og desperat, av det slaget som dåmar rotenskap og Death "Scream Bloody Gore" (covrar "Evil Dead"). Det er i tillegg gjort gromt arbeid i eigen låtskriving, favoritten min er tittellåta frå EP’n "Nekromagic" som dei slapp i fjor. Er der nokon som kan skrika og slå som om det var dauden sjølv som står framfor oss so er det Mabuse.        

Omega! Kva skal ein seia om slik ond moro… svart Metal’N’Roll frå ende til annan. Dei blandar ‘N’Roll’en med riff som osar Aura Noir 1995 og det er eit kvernande drag over det heile. Jamt traust i rytmer; óg i vokal, unnateke "Speed Metal Force" med den spreke reinvokalen – storcoolt! Noko som hevar Omega langt over det cheesy som rir ein del nyare n’roll-band der ute, er at det er null og niks av enkle plankekøyringar i gitarar, berre høyr på riffa i "Metal From Hell" og "Black Metal Rust". Får ikkje dette deg i gong kan du gå og leggja deg att. Helst for godt.  

Band som norske Virus (og Altaar i fjor) syner breiare innstilling til kva og korleis her på Til Dovre Faller. For den som ikkje har høyrt Virus er det på tide, bandet skulle femna om fans av fleire slag musikk. Eg finn det som vridd rock med ein sers heilskapleg kjensle; trass i at det er utanfor det tradisjonelle synest eg det er samanhengjande lyarvenleg og fell ikkje ut. Noko eg elles gjer når det gjeld ‘rar’ musikk. Sært disharmonisk, i gitar og vokal, i tempoet sakte medium. Bass og trommer er intense og beherska på ein forunderleg måte, som om dei vandrar for seg sjølv stundom; so dreg dei seg saman med gitar og so frå ein annan att. DIGG.  

At Faustcoven gjer ein salt hardtslåande konsert er ein understatement. Dette er kraftig svart Doom Metal der alt sit som det skal for den som diggar ikkje-psykedelisk ikkje-stoner eller liksom-Doom, men ordentleg Metal som driv seg sjølv fram utan juks. Eg mildt sagt ‘likar’ kjensla av dette opplegget, låtar skapt innanfor det tradisjonelle og som gyngar helvetes coolt i små skifte mellom knusande daudsriff og rytmer – AAAAHhh! Han Johnny Tombthrasher slår styggsint på trommene, og driv i gong intro’en til ein cover av Venom, "Warhead". Til slutt: Cirith Ungol "Chaos Descends".  

Nocturnal Breed går og gjer det dei skal, ofseleg Speed Thrash er åldri å forakta. Desse stoppa i låtane er ein aning for lange når eg som lyar er inne i køyret, det er sein fredagskveld for faaaen, eg er ikkje heilt moden for den slag overraskingar. Men generelt kvasst snøggsint 1987-Sodom’sk, og godt over alle fartsgrensar, vert Nocturnal Breed-konserten ein stund i total Thrashbanging. Dette vart likevel ein vanskeIegare oppgåve enn forventa grunna det jamt over grommare moduset som Faustcoven skapte føreåt.    

Til slutt er det Portrait, dei såg eg i Oslo i går og står over denne gongen. Trass i at festivalen er eit lite arrangement, må ikkje lesaren få inntrykket av at det berre er drikking og banning som ein kan driva med mellom slaga. Her er stands frå både band og butikk, med skiver, trøyer, jakkemerker etc. Her ligg óg gratiseksemplar av magasinet Enslain no. 11, der er blant anna ein fyldig reportasje frå 2012-festivalen. Den er på engelsk so då kan du lesa om Til Dovre Faller utan å gå deg vekk i nynorsk. Men fortsett med det óg.