TIL DOVRE FALLER 2012 – Dag 1 – Dombås – Kjellar’n

TIL DOVRE FALLER 2012 – Dag 1 – Dombås – Kjellar’n

Dovre fell med styr og skrell; tredje gong no, og uansett festival, her er landets grommaste line-up etter mi usle meining:

One Tail, One Head
Antichrist (Swe)
Dead Lord (Swe)
Infernö
Resonaut

og det er berre fyrste dagen.

Når eg kjem upp troppa er Resonaut nett i gong; synest dei læt tyngre og meir langdrugt suggerande enn førre gong, som var her for to år sidan. Lange, myrke låtar innoverretta mot ditt indre grums. Vokalen førekjem meg tydlegare enn før. Velkomne tre kvarter eller so med hypnotiserande Doom, gjer godt i skrotten, dette og imillum eigne låtar smett dei inn ein førti år gamal godsak, "Suicide" av Dust.

Infernö gjer sin fyrste konsert på årevis, mykje uppdemt helvete er å høyra. Dette bankar skikkeleg råttgodt, samstundes faste og fine i fisken; noko redusert mannskap i høve til originalen, berre rytmistane Bestial Tormentor og Necrodevil på bass og trommer er her. Arild frå Obliteration på gitar og vokalen tek Deathhammer’s Salsten seg av, rett mann på rett stad, det; sjølv til frenetisk Thrash å vera er her uvanleg heiltent villmansskøyring i front, likevel godt samanhalde og tungt uttrykk i bandet.

Dead Lord syner festivalleiingas (les: Morten Thøring’s) evne til å henta fram – for meg ukjende – gromband uansett stil, sjanger. Artig band dette, gjev god variasjon i programmet med å severa klassisk blues-aktig hardrock frå seint 70-tal, a la Thin Lizzy, og ei aning Scorpions, kanskje? Dead Lord lagar luft i eit rock- og Metal-lende som elles kan sementerast av ordinære pseudo-old school band med trøytte riff og utvatna låtar.

Antichrist, ja!: Gammalthrash på sitt mest heftuge, her går det i mykje friske speedriff, og vokalisten har dette avslappa intense i seg. Gromt. Desse "Forbidden World"-låtane er eit godt treff i skallen, strenge og klassiske i komponering og likevel medrivande, synest rytmane her er ein force, lett og kvasst på ein gong. Enda let dei eit grann meir intense på i Oslo på torsdag enn i kveld. Det er no so.

Noko av det argaste eg kan høyra på ei scene er One Tail, One Head. Kan ikkje få nok av denne heilsvarte rock’n’roll’en deira. Ikkje noko undatak i kveld, kvass og høg ljod vert utnytta på det råaste. Sjølv um her er mjukare delar med bass og trommer som leikar seg åleine innimillum. Heilskapsinntrykket er langt myrkare enn det eg kan uttrykka sjølv, denne hole ekkovokalen – det er noko illevarslande over konsertens atomsfære, som um dei delar ut eit ondskapens direktiv.