HOBBS’ ANGEL OF DEATH – Stockholm – Pussy A Go Go

HOBBS’ ANGEL OF DEATH – Stockholm – Pussy A Go Go

Dette kjellarlokalet under pub’en The Liffey i bydelen Gamla Stan bles ikkje huva av deg; sjølve konsertkroken er ikkje større enn Unholy sin var, og andre krokar i rommet ser ut som eit museum for 1800-talets overklasse. Men ein kan ikkje klaga når gromme sakar spelast av DJ’n medan ein ventar. Berre eit band står på programmet, til gjengjeld er det Hobbs’ Angel Of Death frå Australia! Sjølv um Tyrus (ein førversjon av Hobbs’) var tidlegare, er han Pete Hobbs på ein måte stamfar til kvassmetallen der nede. Han er på sommarturné i Europa, med nyrekruttert mannskap, dei har vore innum gamlelandet (Revolver, Oslo) i går. No er det ei (noko slunken) tysdagsforsamling i den svenske hovudstaden som skal underhaldast med Virgin Metal’en hans Pete og co.

So berst det i gong. Ein ram ting av bandet det der å ha små breaks i starten av låtar, det forsterkar det solide når alle instrumentar vert samla til eit sams åtak i full fart. Hobbs’ Angel Of Death er Thrash med to gitarar, og nyttar dette til fulle, for (noko av) det gromme draget ligg i desse tette gitarane; og i tempoet. Soli frå han andre gitaristen vert drukna i ein lyd som ikkje er perfekt, men bra nok til å vera på eit so lite stelle; no skal dei seiast han sologitaristen har ein lite rivande måte å framføra soli på, med å driva på oppe på stemmeskruvane med eine handa. Svenskane, eller kva nasjonalitetar som har klynga seg framfør scena, festar fysisk utfaldande, med moshing og med slik bering av folk uppå dei som står du veit, og briller som fyk av og finst att faen veit kvar. HJJJAAHH!, det er overveldande dette køyret, kan ein stå i ro? Ja, det går eigentleg so fort at eg vanskeleg rekk å gjera noko som tilsvarar takta der framme på scena. Det som eg held ein enda større knapp på enn gitarane er tromminga til han Skitz som spikrar konserten godt fram og igjennum lyden.

Konserten tapar seg noko utover i settet når dei presenterar nylåtar, synest ikkje dei har same haugget som dei gamle, eg skulle ynskje dei hadde, men det har dei ikkje. Ei aning meir melodiske. Vokalen hans Pete, derimot… Han er ein av veterane som ikkje synest å taka skade av å bera på år og kilo, røystar seg gromt igjennum settet. Thrash av dette slaget har for meg ein avspenningseffekt og helsa kjennast fornya etter kvar dose. Hobbs’ Angel Of Death live er, sett under eitt, ein kompromisslaus affære; um ein må vera Thrashfrelst for å kjenna gleda over dette helvetet, so får du til gjengjeld ein konsert som du ikkje ville ha vore forutan.