VALIENT THORR – Berlin – Festsaal Kreuzberg, Berlin

VALIENT THORR – Berlin – Festsaal Kreuzberg, Berlin

På tur gjennum Tyskland snerta eg innum denne konsertkvelden; ikkje langt frå bytog-stasjonen Kottbusser Tor ligg (låg) Festaal Kreuzberg, som er (var) eit konsertlokale noko mindre enn namnet skulle tilseia; grunnen til parentesane over er at no er ikkje dette konsertlokalet meir, sidan det brann ned tre dagar etter denne kvelden, den 21/7.

I alle fall, Pet The Preacher er for lengst i gong når eg kjem inn døra; dette stonerrockbandet kjenner nok fleire (og betre) til enn meg. Svevande og lett suggerande stoner-stil, men slepper dei seg laus, tru? Ikkje heilt, vil eg hevda, når dei er ferduge har eg eit inntrykk av at dei hadde ikkje tenkt å knekka nakken på dette her. På den annan side, er du glad i vokalen til Pepper Keenan slik den var i Corrosion Of Conformity i si tid, er du nok meir positivt innstilt til Pet The Preacher enn meg; hadde vore meir positiv sjølv, dersom dei hadde trykt urlite meir på i spelinga.
Acid King har eit langt TYNGRE uttrykk, so det knirkar i kablar, og kanskje ikkje optimal lyd i eit sopass lite lokale, men eg diggar dette nesten-Electric Wizard’ske sound’et. Var førebudd på at det skulle låta ganske tradisjonell stoner, men her høyrar eg òg flust av Doom Metal. Ikkje av den tradisjonelle 80-talsarten, men i meir innoverretta stemningar; og med mykje ekko i vokalen som skapar ein draumeaktig dåm over delar av konserten. Ingen fåre for at dette skal verta ei romantisk stund, ikkje med denne lydveggen av stoner og Doom. Men myrk kos er det, lell.
Valient Thorr har bandnamn og -logo som kan lokka til seg folk som diggar tjugefem år gamal Heavy Metal til seg. I staden er bandet straight upp-tempo drikk’n’roll. Dei gjer dette greit, og det ligg vel i korta at når band lét «greit», at det ikkje er serleg spanande. Eller nyskapande; det er vel ikkje meininga, heller; bandet tiltrekkjer seg nokre folk uansett, lokalet er over halvfullt, og energien på scena ekte nok. Eg er berre ikkje interessert; og dessutan skuffa over avlysinga av The Gates Of Slumber som var hovudgrunnen til at eg slang innum, men bandet har trekt seg frå Europa-spelingane sine.

Stussleg ståk med avlysing (og seinare brann); Acid King rocka i alle fall kvelden til godt over tilfredsstillande lell, og US-bandet skal sjåast på helgas Hell’s Pleasure Fest lenger sør, saman med mykje anna gromt (Vomitor, Repulsion, Electric Wizard, Hobbs’ Angel Of Death m. m….).