HIGH PRIEST OF SATURN – Oslo – Betong

HIGH PRIEST OF SATURN – Oslo – Betong

Doom-stoner-kveld? Ja! Det er torsdag og i grunnen helg. Space Warpers kjem på scena i god festform og leverar tung hard-spacestoner, dersom det er ein «sjanger» som heiter det; i alle fall, du skjønar teikninga, publikum kan symja i eit skitent inteplanetarisk lydhav. Vert gjort gode, skarpe ting på gitar, og slik ein slår trommer i den der overgongen på siste delen av konserten – djupn og variasjon. Kult! Digg denne samanbindinga av låtane til ein einaste konsert-lang låt. Valdsamt mykje lyd, den er langt frå topp, gitarsoli vert hakka opp av den brutale miksen; men ti ut av ti for innsats og speleglede. 

High Priest Of Saturn sitt sjølvtitulerte debutalbum er ute no, på Svart Records, utan at eg har sett noko stress med å kalla kveldens konsert for releaseparty av den grunn; leitar eg lenge blant alle oppslag i forhallen til Betong og Chateau Neuf finn eg til slutt kveldens plakat på baksida av ei søyle. Ein seljar hadde vore betenkt over marknadsføringa, men eg likar det obskure ved dette, står godt i stil med bandet.

Ned i kjellaren att. Bandet leverar ein serskild form for steintung musikk; Doom kan du vel kalla det, ein samanhengande, saktegåande konsert, eg står i ei mediterande ute-av-tida-stemning. Lågmelt, einstonig vokal; spacegitarriff kjem fram hjå High Priest Of Saturn òg, men i mindre grad enn fyrebandet, High Priest gjer meir innoverretta musikk. Men her er åldri sjelefred, heller; dei lèt so tungt (at lyden sumtid trugar med å brota saman), og stenduge, seige rytmeskifte let deg åldri få kjensle av noko lettvint. For meg vinn bandet stort på sitt valdsame drag i gitar og bass, musikken  er åldri ute or ledd, minimalistisk; utan påklistra variasjon, ikkje sokalla ambient, dvs. band som har eit tammare uttrykk (obs! gjeld ikkje Furze). Langt frå fullstappa med folk framfør Klubbscena i kveld, men tydelegvis hugtakande for dei andre publikummane, óg. Har sjeldfengt sett eit so merksamd publikum;  ikkje mykje av vasing og glising i kveld, er liksom ikkje den slags konsert. I  staden frys High Priest Of Saturn fast sitt fåtallige publikum som står som nagla gjennom heile settet.