NIFELHEIM + VULCANO – Oslo – Betong

NIFELHEIM + VULCANO – Oslo – Betong

Vulcano og Nifelheim sleng innum Oslo på sin Thunder Metal Tour; ein annan positiv overrasking er at dei skal nytta den intime Klubbscena, for på Storscena på Betong vert det ofte ikkje heilt den same opplevinga av sonisk hat og Helved.

The Stone kjenner eg ikkje til på førehand, Black Metal-folk gjer det nok, men her er konsertstart utsett eit kvarters tid grunna slakt uppmøte. Dette serbiske bandet har nok ingen feil i det dei gjer, heller har dei ikkje det serskilde ekstra som kan få denne lyaren til å gå laus i vilska. Ein grip seg i å tenkja at deira låtar har vore gjort før (90-talet). Men óg at dette «før» var gromt og at The Stone spelar dette so stødugt og sjangertru fram slik at eg står att med ei god kjensle av konserten når den er ferdig.

Vulcano har nett slept frå seg «The Man, The Key, The Beast» på Renegados Records og kvir seg ikkje for å vitja Oslo att. Folk kvir seg heller ikkje for å møta opp og Metal-festa. Bandet må ha ein av dei høgste gjennumsinttsdåldrane innan Metal, dei var på bana før Sepultura og dei fleste andre harde gutar i Sør-Amerika. Det er ikkje mykje kompromiss å høyra av Vulcano i 2013 heller; låtar dei presenterar i kveld er på sitt mest rocka og argaste når dei er frå ’85 og ’86; men: Heile konserten er ei eldmørje av råsound i Zhema sin gitar, Luis Carlos’ vokal pluss tung høgtempotromming av Arthur von Barbarian, ein av gameltrommisane som no er attende i Vulcano. Showing og tromming med ølflaskar, men han Arthur er åldri ute av spel likevel, dersom du lyar på det reint musikalske. Full kontroll, lang rutine og han leikar seg på trommane, samstundes som DET LÉT JÆVLA FEITT. Det er no det som tel, men for min del er «Fallen Angel» snålt tromma. Lell vert eg sjarmert av deira storform og og evne til å ekstrem-kosa seg med spelinga; sjølv med Zhema som einsleg gitarist gjev dei frå seg ein heilskapleg arg og fyldug gromkonsert med låtar som ikkje liknar på noko anna band. Og det kan ha noko å gjera med sjølvmedvet og spelegleda som bandet osar av.

Klokka går mot the witching hour og Nifelheim let venta på seg. Men so! Det fråsparket dette bandet syner er neppe daglegdags. Heile konserten i gjennum er ei njoting av demonisk gitarspeed. På den eine er her presis slagkraft hjå alle i alle overgongar; på den andre sida fire instrumentalistar du kan høyra spela med nerve og svart pasjon. På den tredje sida er her ingen «sider», eg høyrer berre vill, skarp, riff-manisk METAL. Ein serskild varm tanke går til den illsinte tromminga hans Ljung. «Bestial Avenger» kjem tidleg, garantert krevjande vokal der; å halda vokalen i dette tempoet kan leita på han Hellbutcher, men er berre noko eg trur, for det verkar ikkje slik. Listen and learn! Tidlegare Tormentor-gitarist Tamas Buday er hyra inn, den andre er han Felipe frå Procession (han meistrar ymse tempo med andre ord); mot slutten covrast «Tormentor», so kjem noko eige gamalt: «Unholy Death», so går bandet forsyne meg ut. Og kjem ikkje attende, trass i tydelege ynskjer frå publikum. Men men, tida har floge som støtt når ein har hatt det moro, eg tufsar meg heim (via Kniven) med ei kjensle av at ein er vorte oppriven og sydd saman som ein heilt ny og atteruppstanden zombie. Og at når ekstrem musikk er framført med sjel, guts og blodkokande dedikasjon ti-dublar det LIVE-kjensla.