MAGISTER TEMPLI – Oslo – Cafe Fiasco

MAGISTER TEMPLI – Oslo – Cafe Fiasco

Lang, lang helg og sjukt mykje konsertar i Oslo desse dagane. Var på Danava (på Revolver) i går. Sjekk ut dei, vil du!

Hymn har byrja nå eg kjem og her er høve til å høyra noko annleis Metal/rock enn det ein (eg) gjer til vanleg; duoen Hymn sin konsert er innadvendt og tankesvevande. Det er heller ikkje krevjande å høyra på, ein vert ført vidare i låta enten ein eigentleg diggar musikken eller ikkje, merkjeleg, som på ei reise du (eg) friviljug er med i utan å ha vilje til å gripa tak i det som skjer. Det berre skjer. Musikken inneheld mykje repetivt (trur eg); er tydelegvis andre enn Burzum (og Furze!) som meistrar dette repeterande draget. Hymn uttrykkjer seg likevel heilt annleis enn Varg og Woe J.; når vokalen kjem inn er den angstfylt og depressiv, som sint Neurosis, kanskje?

Gjennom Cruz del Sur Music har Magister Templi nyleg slept albumet «Luficer Leviathan Logos». Hint! Bandet har funne sin plass i Metal’en, og det med TYNGDE. Er påny gledeleg overraska over band som 1: Dyrkar fram att Metal As It Used To Be; og 2: Lagar eit eige ektefølt og attkjenneleg uttrykk i sjangeren. Travaleg å digga Heavy i denne smale korridoren mellom den bardisken og bordrekkja på andre sida. Fiasco vantar danse-areal framfør scena; dessutan: dassen er der framme og dei trengjande må trengja seg fram. Dei som ikkje er trengjande nett no, men kanskje snart eller nett har vore trengjande, må ut or sitt lyande, estetiske modus for å sleppa fram artsfrendar med nyrer som er annleis kronologisk justert. Dette konsert-interiørarkitektoniske upplegget gjer at eg kunna ha likt konserten betre i eit anna lokale. Bra ljod er her i alle fall, og den får fram hardleiken i konserten, sound og låtar er slett ikkje so mykje Doom Metal (som eg støtt kjenner i soundet til EP’n «Ioa Sabao!»), heller ikkje rock’n’roll-mettall. Mange låtar når ikkje upp til «Lucifer» eller «Bornless» i coolheit, men det er uvisst kor mykje dette betyr. For når ein fyrst er i gong med å digga: ei gromlåt kan heva nivået på den ikkje-fulla-so-grom-låta som kjem etterpå. Covrar blant anna Jethro Tull «Aqualung». Andre gongar kokar dei nesten upp til thrash-tendensar i tempo-delane; er ikkje heilt mottakeleg for det nett no, men visar til nemnde arkitektur-løysingar som mogleg orsak. Ujamt låtmateriale, men lell: Konserten gjev ei heilskapskjensle som er heilt triveleg.