DISKORD – Oslo – Pokalen

DISKORD – Oslo – Pokalen

Diskord har sleppelag for sine «Oscillations», ei seksspors skive slept på Australopethicus Records (vinyl) og Hellthrasher Productions (CD). Fyreband er Morbo og Lobotomized. Death Metal-kveld på Pokalen, altso, det har eg ikkje opplevd her før, sjølv om staden for lengst er kome på Oslos sitt ‘live-kart’. Konsertstart er halv elleve, grunna eit arrangement i etasjen over, på Vulkan Arena. Då tilrår eg til meg sjølv Kniven Bar som opphaldsstad i mellomtida. So attende til Pokalen, der det er i stand til releaseparty med mykje merchandise frå banda. Og meir øl.

Morbo er fyrsteband ut; dette er Death Metal som fengjer underteikna grunna variasjon i sjølve låtane, og at det lét sopass skarpt, nesten i Thrash Metal-lyd. Ikkje naudsynlegvis hugtakande å gjera det i Death Metal, men med so mykje kvassfuzz kan eg ikkje seia anna enn at dette treff meg, og Offender sin vokal er av det råe slaget utan myrk growl, noko som eg synest verkar ektefølt aggressivt.

Bandet er italiensk, og dei har med ein gjestebassist i kveld. Han heiter Kai. Har ikkje høyrt skivene til Morbo; demoen «Eternal City Of The Dead», som No Posers Please! Records har slept som sjutommar, og debutalbumet som kom tidlegare i år, «Addiction To Musickal Dissection» (Memento Mori). Men etter det eg høyrde her i kveld vert det temmeleg aktuelt.

Det er so greit med Lobotomized; du veit åldri kva du får (gåvedryss og sjuk humor) og du veit alltid kva du får (illsint Death Punk Trash (ja, ein h)). Bandet må vera det mest folkelege av alle Death Metal-band, eller det mest sleivkjefta, døm sjølv. Dei har eit gromt opplegg med å ikkje klemma saman konsertstemninga i tru svartleik, men løysa den opp med godsleg prat og generøse overrekkjingar. For so å sparka i gong neste åtak av (Norwegian) Trash fucking Metal.

Synest det her lét heilfeitt, det gjer eg eigentleg ålltid når Lobotomized spelar, dermed er det mogleg eg er konstant heilt på jordet. Nei, faan, dette ER feitt; om ikkje so-til-helvete-under-beltestaden-feitt som konserten på «Norwegian Trash»-releasepartyet i fjor (- men dét var til gjengjeld gromt beyond gromness).
Vokalist Skrapparkrappar har i kveld eit lite «Dette er ditt liv»-opplegg (eller rettare: «Dette er ditt navn»), tydeleg inspirert av NRK og Harald Tusberg. Ein campingstol står på scena, og den alltid-tilstadeverande Slangen vert invitert opp til å sitja der medan Skrappar gjev ei blanding av intervju og førelesing sentrert rundt notidig folklore. Hail hail. So smell bandet i gong att med stutte og gneiddharde utblåsingar, og konserten må ha fått ein slags god slutt sidan eg er i stand til å skriva dette her.

Framfør ein «Oscillations»-backdrop, av kunstnaren Sindre Foss Skancke, stig ein viss trio på scena. Konsertane til Diskord har i ei årrekkje vore gromt tilskot til Death Metal; eit i utgongspunktet enkelt opplegg med trommer, bass og ein gitar, medan låtane deira kunne verkeleg bjo på overraskingar for headbangaren. Fyrst og fremst finn eg Diskord som eit rått og hardtslåande band; legg ein akselrasjon til aggresjon er det beteiknande for kveldens konsert.

Dei rasar fram som åldri før; eg anar ei meir direkte tilnærming til eksistensens absurditetar enn det eg vanlegvis opplever av Diskord. Dei seks låtane på «Oscillations» kjem i konsertens midtparti, mellom fire låtar frå dei to fyrste albuma, «Doomscapes» (2007) og «Dystopics» (2012). Bandet har óg eit opplegg der dei delar på vokaljobben, sjølv om Hans Jørgen gjer mestaparten er både Håvard og Eivind framme ved mikrofonar og growlar, dette gjev konserten til ei meir rørleg oppleving. Dersom ein får med seg desse vokalskifta, då, for skilnaden høyrest ikkje stor dersom du står med attlatne augo og bankar skallen ut or ledd.

Lyden er ikkje perfekt der eg står, men ein kan på den annan side vera glad her er lyd det heile teke, for etter tredjelåta vert det eit avbrekk grunna ølslabbing på straumkontaktar (det var ikkje meg). Dei skyt i gong att etter utskifting av utstyr. Denne konserten held seg ikkje heilt innanfor daudmetall-‘oppskrifta’, den heller. Trekkspel og diggeridoo er instrumentar ein før har høyrt på skivene deira, og no tek Eivind opp ei langsmal stygg greie som han dreg ein slag celloboge på og lagar letargiske regresjonar. Det verste er at det høver inn i musikken. Slik kan ein fletta inn uvanlege greier i Death Metal utan å vika ein tomme frå den meir brutale essensen i sjangaren.

I laupet av mindre enn to timar har me fått ein sælt intens og variert dose Death Metal, det gjorde seg. Eg finn ikkje Pokalen like gromtlydande som Revolver, men dette kan endra seg, veittu; verre er dette vaktregimet som rår ute i området her, heller ikkje å drikke vatn er tillate utandørs no. Men forboda frå rigide overseers er berre til me får Metallisert kulturen her, for det står mykje gromt på programmet til både Vulkan Arena og Pokalen utover hausten.