JEX THOTH – Oslo – Revolver

JEX THOTH – Oslo – Revolver

Eg kjem meg ned Revolverkjellarens steintropp; den kan vera krevjande, men er ekte natur god nok. Akkurat i tide til Tusmørke si speling. Det er fredagskveld og var ein sliten etter veka er det rakt og raskt burtblese no, for Tusmørke lét skikkeleg friskt. Sers god blanding av det muntre og det hardtslåande, og dét utan gitar. Tverrfløyte og tangentar i staden. Frykt ikkje! Dette ruskar godt nok i nokon kvar. Såg dei på Høstsabbaten i fjor, der dei utmerka seg, og denne konserten treff minst like hardt.

Å stå på scena og fortelja om låtane sine er óg noko bandet har fått sving på; dei legg ut om framtidige fiksjonar og old-tidige ofringskulturar, eller omvendt; dette skapar rammer rundt spelinga. Midt i denne jordnære og muntre stemninga vonar eg publikum kan ta dette innover seg slik at det óg vert ein oppleving av mystikken bandet står for.

Musikken til Tusmørke har fleire sider av seg, om ikkje tekstar er typisk medelålderske (epoka er vel for ung), er det hint om den slags i musikken, i måten fløyta og rytmene svingar rundt med lyaren. 70-talets musikk er óg blant oss att, og på sistelåta «Offerpresten» sleng dei inn ei koring som osar Black Widow. Faen so snedig, digg-AHH.

Det går sju breie og sju lange før Jex Thoth kjem seg på scena; me kunne har rukkje mykje på den tida. Ein konsert til av Tusmørke, til dømes. Amerikanarane dreg seg i gong med ein flotande, roleg stemning frå start av. For meg er tangentinstrumentar ofte eit risikabelt føretak i live-samanheng, synest ofte det vert dempande på stemninga; men her verkar det motsett. Den avventande gitaren og den-der-mellotron-greia sit saman som kanel på sukker. Huh, det ser mildt ut på papiret, men bandet er rock tung nok, det, og apellerar garantert til Metal-lyarar.

Ho Jessica Bowen har ei røyst som både er sterk og kjensleladd på skivene. I kveld lét ho for det meste roleg og jamn; kjem likevel godt fram i lydlandskapet dei skapar, og her må ein gjeva stor kred til dei ansvarlege for lyden, eg synest ikkje den misser noko som helst og den gjer ei heilskapleg oppleving av bandet.

Heilt DÉR leverar ikkje Jex Thoth, hadde forventa eit meir spenstig åtak i speling og låtval. Eg lurar óg på om dei held krutet noko attende, på andre konsertar har eg vorte lufta hardare enn det eg vert no. Det er nemleg ikkje berre å koma her og koma her, serru. Me har vore ute ein haustkveld før. Vil påstå at her på berget er liknande band som kunne ha svinga skrotten hardare og/eller myrkare enn det Jex Thoth klarar; slik som Purple Hill Witch, Resonaut, High Priest Of Saturn, m.m..

Lat oss no ikkje verta sure og sære, men Ha Det Hyggelig Sammen Tralalala. Ein ting skal ein vera samd om: her er coolt folksamt i Revolverkjellaren, i seg sjølv ein prestasjon i Oslo når det gjeld sopass anti-hovudstraum-musikk. Men kvar er denne folkehopen når banda eg nenmde over spelar i Oslo?