HELL’S PLEASURE 2012 – Dag 1 – Tyskland

HELL’S PLEASURE 2012 – Dag 1 – Tyskland

No er eg på ei grasslette utanfor småbyen Pößneck i Thüringen. Her skal me vera i tre dagar med 23 band som verkar rimeleg utplukka; er mitt inntrykk at arrangøren har for vane å booka meir gjennumtenkt enn andre. Hail the underground! Eg kjem på campingplassen tidleg fyrste dagen men allereie er her kjentfolk, utanfor eit telt sit Salsten (Deathhammer) og diggar obskur tysk gammal-Thrash på ein kassettspelar. Dette lovar brrrra!

Fyrste dagen på festivalen har berre fire band; Beyond startar the pleasures med deira Death Metal. Sterk og ekte vokal, eg meiner: du kan høyra røysta hans, ikkje typisk lyddeskgrowling. Dei meir harmoniske instrumentaldelane på slutten er koolare enn sjølve Death Metal’en deira, synes eg, for her manglar det heilt gromme trykket i resten av settet.  

One Tail, One Head, derimot har trykk og stemning so det held. Eg er ein av dei som synes desse gutane verkeleg har noko å fara med. Råskap og undergang. Daude og forråtning. Alt liv har teke slutt. Nei. Der kjem meire musikk ut or høgg-talarane. Låtane inneheldt rolegare delar noko ein skulle tru er ein uting, men One Tail, One Head lét åldri moderne "intelligent" med "tenkjepausar" midt i låtane som visse klyseband gjer. Langt faen i frå; dei klårar å halda temperaturen uppe heile vegen, og gjer eit dundrande godt sett.  

Unpure frå Sverje har vore i live ei stund utan at eg har fått med meg det. Men er alt det dei gjer like bra som dette er eg fan som faen. Trio med tungriffa upptempo lange låtar og kjøtslitande vokalar, gitaristen og bassisten skiftar på den, dei båe er sopass like at bandet misser ikkje intensitet av det. Konserten er so fast og mektig gjennumført at nokon kvar må taka lærdom. Eg har ikkje ord, er fjetra og står berre og njotar styggheita.  

Mortuary Drape vert ein drikkekonsert, som forventa; er ikkje overvettes imponert av låtmaterialet deira, men den harde thrasha ljoden dei har i gitarane gjer det triveleg å stå langt bak og sjå bandet lysa upp i natta. Kostymer og uting på scena, bandet køyrer greitt på lell, langt meir underhaldande enn når eg såg dei i Oslo for fire år sidan.

http://www.hellspleasure.de