NAAM + SPECTRAL HAZE – Oslo – Betong

NAAM + SPECTRAL HAZE – Oslo – Betong

Ny kveld med gamletidars-inspirert rock her på Klubbscena. THE PAST IS ALIVE. Notildags har fleire band funne ut at musikk har RØTER og ikkje minst eit fortidig skattkammer til inspirasjon og, ehm, glede? Seier eg som knapt høyrde på Hawkwind-skivene etter eg kjøpte dei for 30 år sidan. OK! Set the controls…….

…Spectral Haze er her. Den firespors demo’en deira frå i fjor har kalla meg til Klubbscena i kveld. Bandet har eigen evne til å taka lyaren beyond, utan det meir stoner-aktige draget som Warp Riders (som High Priest Of Saturn-supportbandet heiter og ikkje det eg rota det til) hadde her i april. Spectral Haze spelar på ein måte funky og på ein annan desperat-tungt, og den tunge, nær-skrikande vokalen ligg godt inne i musikken. Noko for langt inne i lyden i kveld, miksen gjev gitarane ein halvsur lyd dei ikkje hadde fortent; heilt overvelda er eg neppe. Men samansetjinga av utadvend rockande og innadvend Weltschmertz (eller space-schmertz) ligg der inni lydgrauten, du kan høyra fjerne kometar kalla til dåd og daude; so skund deg og høyr Spectral Haze ved neste høve.

Etter ein lang (Manfred Mann’s Earth Band-aktig) intro startar Naam sin eigentlege konsert; eit råtungt, nærmast slaskete, og på alle vis eit herleg TRYKK i rytme og gitar. Når tromming føregår so brutal-sint bankar den unda alle sentimentale tendensar (som stoner-psykedelisk rock ofte er plåga med). Som hjå Spectral Haze (K. Valbo) hevar og TYNGJER, Naam-trommisen konserten deira til eit nivå godt over solid kredibelt; kan musikk vera «meiningsfylt» so er denne konserten det. Backar tangentinstrumentet upp eller døyver dei bandet? Har ikkje høyrt bandet utan, har ikkje høyrt bandet før i det heile teke, so kva veit ein?, men serleg når instrumentet kjem inn som hammondorgel har det visseleg sin plass i det mektige lydbiletet her. Heilt rockande skjerr og rabiat vert ein ikkje som publikummar av å sjå ein mann sitja bak tangentane gjennom heile konserten, so ein får glåme anstads. Obskure gravferder i New York’s myrklagde undergrunnstunellar. Det er dei meir rockesparkande låtane som får tydelegast attendemeldingar frå publikum, dersom dét skal vera eit teikn på kva som er grommast med konserten. For Naam har óg denne blandinga av punch og depresjon (med unntak av fyrste ekstralåta, kva i heite halmen var det for skit?), og set spor i denne tilhøyrararen på eit vis som gjer at eg ragar ut myrksinna og tilfreds med ytterlegare ei dose uforklåra livssyn. Og fortusta over kvifor band av Naam’s kaliber alltid er marginale førekomster i alt det musikk-bransja freistar å tvangsfora oss med.