MORBUS CHRON + SALUTE + CONDOR – Oslo – Revolver

MORBUS CHRON + SALUTE + CONDOR – Oslo – Revolver

Condor dreg i veg med gammalgodthrash; læt rått, og fort i gitar, dette bandet gjer DIGG; kjerne av Thrash pluss ei aning myrkare sakar. Ungt band, generasjonane skiftar oftare på Kolbotn enn andre stadar, Condor er ætteleddet etter Obliteration og Nekromantheon. Det har stima på bra med folk óg, godt å sjå!

Det er Salute no; engelskmennene harvar over oss med stålkostar; eg hugsar dei som meir aggressive, særleg i vokal, no enn sist (Raise The Dead-festivalen). Utan topp lyd og utan det heilt store særpreget i kveld; likevel veit eg ikkje um nokon som læt som denne trioen, fartsfylt Thrash Sludge anyone?! Jamt og godt køyr og ein heilskapleg banging session.

Morbus Chron er noko av det myrkaste eg har høyrd på lengje; legg inn rolege, nesten stille sakar midt inne låtar til dømes der berre bassen går og plukkar kjøtet av lik; og, eller: at dei hamrar i rasande sinte og absurdt herlege Metal-deformasjonar; slikt gjev meg ei frysande kjensle av at alt kan henda. Vokalen er av det ekte slaget. Bandet er ein moderne Death Metal-fan’s store mareritt med alle desse stemningane dei lagar, tvilar på um mainstreams ville ha forstått noko som helst av Morbus Chron. Inga plankekøyring i headbanginga, nesten som Diskord sumtid, ikkje heilt, heller kan me seia Autopsy. HAAAAAIIILLL