KRATER 2014 – Dag 1 – Vulkan Arena

KRATER 2014 – Dag 1 – Vulkan Arena

Krater er ein ny festival, med eit program eg ikkje har sett her i Oslo sidan siste Metal Merchants i 2011. Med Nifelheim, Vulcano, Darkness (Tyskland) og Natur er det óg eit internasjonalt undergrunnspreg over festivalen, i tillegg til dei meir lokale som Execration, Studfaust og Flight. Men fyrst er det svensk Thrash.  

Insane er Thrash med stor T, det vil seia med stor spenst i riff og rytme, og med låtar som er NØYDD til å fengja den frelste av det tidlege Slayer. Lead-riffa sleng inn og gjev låtane ein coolt drag. Det heile er gjennomført medrivande og akkurat ein slik start på kvelden som eg kunne ynskja meg. So då kan ein lura på kvifor fleste av dei hittil oppmøtte står tre mil frå scena. 

Execration har utvikla seg til det ‘vanskelegaste’ av dei norske Death Metal-banda. Bandet greier dei å skapa myrke stemningar med komposisjonar som er langt frå skjemaet til standard US Death Metal; utan at det er det store trykket. Execration sin musikk krev ein sers god og tilpassa lyd, synest eigentleg ikkje lyden slepp stemningane til slik eg hadde høyrd dei (på det vesle som er lagt ut) på Bandcamp. Det er nyskiva «Morbid Dimensions» (Duplicate Records), eg visar til, bandets tredje album. Det som eg synest GRUSAR godt av konserten er dei meir raske og enkle delane, og sjølve blandinga mellom desse og dei meir ‘sære’ delane gjer konserten til ei reise i Execration sitt myrke og bisarre lende.  

Attic vendar attende. Ein heftug seanse på den intime konsertstaden De Ville’s i fjor sit framleis i minnet. Her på ei høg scene kan eg tykkja dei lét ei aning meir fjernt, men vokalen  til han Meister Cagliostro kjem igjennom lyden av instrumentane trass i at den er både høg, tunn og melodisk. Coolt i leadgitar-delar, den eine gitaren dreg ein solo medan den andre lagar lead-riff, og so smeltar dei saman i doble gitarharmoniar. MMMAHHH! Saman med blant anna Portrait, som  gjesta staden for eit par veker sidan, vidareførar Attic den tradisjonelle Power Metal’en på ein inspirert måte og med lyarvenlege låtar, som «Join The Coven».   

Vulcano er festivalens mest langtvekkomande band, dette pionérbandet innan sør-amerikansk Metal har verkeleg kome på bana att frå og med 2004-albumet «Tales From The Black Book». For Vulcano er ikkje ålder nokon hindring, bandsjef Zhema verkar pigg nok. For ikkje å gløyma trommeslagaren Arthur Von Barbarian. Vulcano dreg fleire frå debut’en «Live!» frå 1985, og færre frå dei nyare skivene på 2000-talet, like greitt. Kan ikkje seia albuma etter «Tales …»  har interessert meg, men i live-format fungerar desse låtane, då. Bandet gjev ein konsert som er tvers igjennom livleg, med småsære låtoppbyggjingar og eit kraftfullt Death Metal-uttrykk.
   
Nifelheim kan godt vera det ypparste innan konsertband for tida; det er i alle fall fjerde gongen på rad for meg at dei treff blink med sin thrasha svarte Metal. Nifelheim er intenst, fengjande, hardtslåande og  engasjert som eit stort helvete i framføringa; når låtane er sopass melodiske og hintar om tradisjonell 80-tals Heavy Metal, vert dette engasjementet ei (u)sæl oppleving og smittar over på publikum som gjev taktfaste attendemeldingar. Dette toppar seg for min del rundt «The Sodomizer», noko over halvveges uti settet. Etter å ha gått av vert bandet ropa attende til to ekstra, «The Bestial Avenger» og «Storm Of Satan’s Creation».

Dette vart ein avslutting på kvelden som verkeleg lyfter, ein har ikkje serleg lyst til å gå heim etter ei slik gromsalve av Metal. I morgon kveld er det på’n igjen, då nede på Pokalen.