MORBID SAINT – Oslo – Revolver

MORBID SAINT – Oslo – Revolver

Å få gamal (1988) intens blodåresprengjande US Thrash på vitjing er ikkje småtteri; ein må henta fram Deathhammer for å få varma seg upp til slikt. (No er det ikkje dermed sagt at nokre (få) andre band her i lendet rundt Oslobygda like so gjerne kunne ha vore support, men) Når det kjem til desse fire i Deathhammer of the North er det snakk om å gjeva jarnet noko so inn i svartedauden kontant rocka Speedthrasha at eg vert like overrumpla kvar gong. Ljodskruvinga i Revolverkjellaren kan vera i ypparleg, so óg i kveld, høgtempo-gitarane kjem fram i, til bandet å vera, reint stål. Ach, midtskilet kjem i ugreie, san! Mikrofonstativ óg, diverre. Enda so er mosh’inga fredelegare mot det den kan vera under slike tilhøve, men berre stundom. For brått eksploderar det, golvet framfør scena vert tomt og blankt, og folk ligg og halv-står i åvelte inntil søyler og vegger. Spredt set-liste; og med ei nylåt, «Warrior Of Evil», den seier det meste om alt og alle.

Utan å vera serleg godt kjend med Morbid Saint sin musikk har eg høyrt sopass at eg forventar Thrash av det meir snøggvonde slaget. Og det høver ikkje styggale med det eg høyrer no. Thrash utan Slayer- Kreator- Destruction-riffing er eigentleg vågalt, kan lett verta einsformig presis. Clue’t er at det er intenst, høøøgt tempo, og ljoden: Gitarane grusar saman med bassen og skapar ei fælsleg grom myrk stemning. Og har du høyrd vokalisten, han Pat Lind, so gløymer du det ikkje, for han har ei METALLISK røyst. Sjeldfengt sjølv til sjangeren å vera. Pat L. og han eine gitaristen, Jay Visser, er dei to attverande frå ’88-skiva. Dei har ikkje tenkt å leva på gamal stordom, sjølv om dei sikkert kunne det sidan «Spectrum Of Death» er slikt eit gromt verk (óg verk som i betent sår), for me får ein og annan nylåt. Men! Høgdepunktet er no «Assassin», lell då. AHH!