TIL DOVRE FALLER 2012 – Dag 2 – Dombås – Kjellar’n

TIL DOVRE FALLER 2012 – Dag 2 – Dombås – Kjellar’n

Witchgrave (Swe)
Morbus Chron (Swe)
Occvlta (Ger)
High Priest Of Saturn
Obliteration

Obliteration går på og smørjar Metal’en sin utover dei mange som har funne vegen til lokalet. Det sler meg kor episk bandet læt. Dersom du greier å tenkja uttrykket sett i Olibeterationsk ånd og ikkje tysk poprock eller The Chasm; det kjennest berre som at bandet greier å fortelja ein horrorhistorie med fallande riff og rytmer. Er og vert hugtakande dette bandet, sjølv ei gitarskiftepause tek ikkje lufta ut or konserten. Det er noko å gle seg til, den komande skiva.

Føremonet med ein so liten festival er at mange kjenner mange; bakdelen er at er ikkje neste band "heilt der" vert mange sitjande i baren nede eller gøymar seg på roma: Når High Priest Of Saturn går på er her lite folk i salen. Musikken skil seg frå mange med eit slag Doom, proga rock med hammondorgel og kvinnevokal. Skapar den myrkret-pakkar-deg-inn-stemninga, ikkje ulikt Resonaut, som utgjer halve High Priest Of Saturn òg, på gitar og trommer. Tromminga er inga plankekøyring trass i sakte fart, mange skifte og serskilde låtdelar her utan at dei bryt stemninga. Mindre klaustrofobisk enn Reso, for vokalen gjev musikken eit hint til ljosare band som t.d. Blood Ceremony.

Occvlta syg i gong med Hellhammerske riff; displinerte i riff og sound, ja, samstundes utprøvande, utfordrande i låtkomposisjonar for den som trur dette er Hellhammer II: nei, svartthrashrockande, ja, men særeigne sakar, ingen kopi. Fyrste gong eg høyrer Occvlta; dei kunne godt dra Doom’ske låtdelar enda lenger, ikkje heilt på One Tail, One Head-nivå. Vokalen kan du meina kva du vil um, eg synes den gjev ein ekstra spiss til musikken ved å leggja seg sopass høgt i frekvensane. Han skrik som faen. Får ikkje med meg slutten, det som skjer i dei siste låtane får du føya til sjølv.

Morbus Chron læt fårleg godstygt; det er desse låtdelane som høyrest ut som um dei sig uppover mot ein kant, so vippar dei der før dei tippar over og rasar ned mot ein avgrunn fyllt med fulle svenskar og andre monster. Innan deira forvrengde Death Metal-verd er det vel Autopsy eg fyrst og fremst koblar bandet med; Morbus Chron er lett attkjennelege på seg sjølv so skit no i samanlikninga. Ikkje heilt toppers til dei å vera i kveld, saknar urlite meir i eksplosjonane, men eg står ikkje akkurat og gret, heller.

Må seia lydteknikaren, Rob, har skruvd saman gromljod heile helga; her i gymsalen får du ljoden rett på deg, utan søylar o.a., ein skikkeleg stabel med høgttalarar syrgjer òg for sitt. Witchgrave er eit av bande eg høyrde i Oslo på torsdag (med Nekromantheon og Antichrist) so her er høve til å samanlikna: Samanlikne samanlikne samanlikne. Slik! Jau, det læt kvassare i kveld, sjølv um eg var noko skeps når eg såg gitaristen subba fram mot scena. Svart Heavy, eg tenkjer alltid på tildeg Venom møter Mindless Sinner når eg høyrer Witchgrave, kva kan eg seia, høyr på Witchgrave! (og australske Demons Gate)! Summe band berre er levande retro.