SAINT VITUS – Oslo – Blå

SAINT VITUS – Oslo – Blå

Tombstones har slept tredjealbumet "Year Of The Burial" tidlegare i år. Eg har ikkje høyrt bandet, synes dei høyrest Dooma og introverte ut i musikken, tungt!, sumtid meir vanlege rytmer som svingar skikkeleg; men for det meste er dette med hard, nesten skrikande vokal og med rytmer som skiftar uventa i gjennum låtane.  

Trioen Sunshifter frå Statane gjer enda meir sære sakar enn Tombstones; lange tunge instrumentalar i ein stil som slett ikkje er noko vanleg radioshow. Den eine karen står med eit gedigent og flott blåseinstrument (baryton el. l.), lagar ikkje typisk hornmusikk, kan du trygt seia, meir som ein djup og vedvarande dronedoom.  

Høyrer med ein gong når Saint Vitus startar at dette er som det skal og meire til. Dave Chandler sine typiske innslag med villfuzz er med, alt er med, fyrst og fremst: Vokalen hans Wino. Den ligg heilt ypperleg, ein høyrer han godt; er mannen no Metalens vokalist nr. 1 slik som Dio var det? Ja? Røysta hans bylgjer fram som berre han kan, heilt særprega og storgrom er den. Heile bandet lèt som gamel meistrar, god ljodblanding her. Meir tende no enn under Oslo-konserten i 2010, synes eg, sjølv um han Mark Adams står og gjespar mot slutten er dette stor stas heile vegen, dei får fram den rette Saint Vitus-atmosfæra i meg, og i andre òg tydelegvis. Folket er med, dei tome ølglasa hopar seg upp på borda, her er berre kos og fylldigging. Settet er spredd utover det meste av albuma med to ekstra, "Born Too Late" (endeleg kjem den òg!) og "Dying Inside".  

When was it that I first realised that Saint Vitus was not just a band, but a philosophy, a moral code and a way of life? The Lamp Of Thoth, 2011.