AURA NOIR – Oslo – Revolver

AURA NOIR – Oslo – Revolver

Ute for å dø; myrketid, lumske vetter, attgangarar og anna ufryskje. Eit ubestemmeleg ondt drag i lufta, fjernt frå sol og varme, noko frå the derelict tracts der nede. Eg kulsar medan eg dreg meg opp bakken til musikkbula Revolver.

Frå det eine myrkret til det andre. Nede i kjellaren er det tjukt fullt stappa med folk og andre vesen; på scena gjer Aura Noir seg klare for eit Black jævelens Thrash Metal Attack.

Er lett å verta besett frå start av, er berre å lata musikken siga inn over deg. Enda skal dette verta verre. Trykket går frå rått til vilt, opningslåta vert berre som ei velkomsthelsing i samanlikning; det riv og ruskar, bankar og knusar, for å seia det enkelt. I røynda er dette riffing og tromming, ein uforfalska Thrash Metal som svingar rundt med vitet ditt um du har noko slikt. Kjensla av Metal som går rett i strupa på lyaren, med ein sverm av myrke hatefulle undertonar.

Blasphemer sin introsolo på "Priest’s Hellish Fiend" er det nærmaste du kjem glatt musikk her; sekvensen er til gjengjeld barberbladkvass og kuttar opningar i deg slik at du kan ta i mot meir. I tilfelle du allereie no skulle ha vorte forkalka av myrkret.

For å seia litegrann om det sosiale livet her, so er det livleg men trongt, mosh’inga føregår som i ei sirupsbalje. Likevel sopass rørleg at det er fullt mogleg å tryna framme på scenegolvet. Noko eg ikkje vil tilrå. Øldammar, kablar, fråsegslengde plekter & gebiss. Her er no berre eit publikum som hyggjar seg på Black Thrashing vis, burtsett frå at jukking ikkje er mosh. Moshe Dayan.

SNAKE HELL’S FIRE HADES FUCKING RISE; høgdepunkta er kontinuerlege. So seier Apollyon at "Merciless" skal få sin livedebut. Låta er Aura Noir, ein gerilja som herjar scenene i fara etter (TIDLEG) Venom og Sodom, opposisjon mot tilstivna samtids-‘Metal’. "Merciless" går over i "Blood Unity", eit nemt grep på ei sopass stutt låt, skapar grom kontinuitet.

Bathory "Possessed" vert covra med det herlegsjuktunge trommehelvetet som på originalen (thank Tank), CRUSHING. Stopp og prat og pausar droppast, "Possessed" går over i "Black Metal Jaw", igjen held Aura Noir grepet på faenskapet. Og du? Berre vedgå, DU ER POSSESSED. Behold! New Forms Of Life!

"Conqueror"!

Vil du vita meir, eller kva? SKÅLA NO!