NEKROMANTHEON – Oslo – Revolver

NEKROMANTHEON – Oslo – Revolver

Purple Hill Witch set i gong med DEN COOLE 70-tals, stonerske Doom’en; i eit ljoduppsett som høver fan spikre meg so godt til musikken. Trommer, bass og gitar i hugtakande rytmer, dette her treff meg so i helvet midt i margen; er ein herleg avlegs dåm over gig’en, sjølv 80-tals Metal høyrast nymotens ut i samanlikning. Heile bandet kjem tydeleg og tungt ut gjennum høgttalarane, vandre-vrengingane i gitaren hans Kristian I. sender lyaren rett dørken, vokalen er i Fenriz’ Red Planet-ekkomodus. Dette bandet må du sjå, ikkje vent, då kan det vera for seint. I morgon kan du vera daud. Tenk på det.    

…"Doomed To Death"! Banneret til Kolbotn Thrashers Union vert hengt upp og Gouge er i gong. Sjangerfreaks kan trygt kalla bandet Grind/Death Metal, eg kjenner det grusar godt med den thrasha gitaren her, å covra Repulsion seier sitt, det let rått intenst bra utan det typiske tjukke DM-soundet, jævla cool punch utan pynt. Gouge er ein av fleire tilvekstar til den norske Metal-jungelen av ei stamme unggutar frå Condor, Mion’s Hill, Mabuse m.m., artistar som har FORSTÅTT METAL.  

Nekromantheon er eit live-band som kan, veit og vil, leverar frå seg konsertar som smakar svidd stål. Har nemnt den ufyseleg bra ljoden her i kveld, har eg ikkje? Igjen er den her, bandet dreg på i myrkljoden, uhyggjeleg og trivleg vanvetugt høgtempo, Salsten ligg uppunder taket og dansen går, det berre strøymar på, alt fyk fast og livleg som det plar med dette bandet, finst ikkje kvile eller pausar, ikkje imillum låtane heller. Vanlegvis er "The Coffin Awaits"/"Metal Vendetta" ein toppare på Nekro’s spelingar for min del, men i kveld sit alt som faen og heile settet er eit høgdepunkt. Gromt gromt GROMT!

https://www.facebook.com/nekromantheonofficial?ref=ts&fref=ts
https://www.facebook.com/GOUGE.NEKRO
http://www.facebook.com/PurpleHillWitch