WHIP + ASTAROTH – Oslo – Revolver

WHIP + ASTAROTH – Oslo – Revolver

I kveld er her dubbelt sleppelag; Whip «Digitus Impudicus» og Astaroth «Chaosatanas», båe banda album-debuterar på Polypus Records. Er fleire vekar sidan båe banda la ut lydfilar på Internettet, men ingenting er som ei fysisk skive, då. Her klaffa det kaldt berekna, var snakk om få timars margin føre sitt eige releaseparty at Whip-LP’n kom i hus. Hugs å få juleposten av garde i god tid. Føre dei to banda spelar kveldens fyrste- (og eldste) band, 

Isvind, som óg har slept album før i år, «Daumyra» på Folter Records. Isvind lagar ein gammaldags konsert det ikkje er mogleg å berre å stå og kopa til. Dei legg ikkje av garde i vansinnetempo eller i eit ljodhelvet, men treff meg på ein godkjensle, dersom det finst eit slikt ord um norsk svartmetall. Retteleg med stål i gitar og kvassleik i vokal er her óg. Likevel er det ein «gjennomsynlegheit» i ljoden som legg konserten berr og hugtakande det er som kvart riff står som eit levande teikn; verkeleg storveges desse nær melodiske (og langt frå melodiøse) riffa, smakar av skog og fjell og forna tider. Skal ein samanlikna er mogleg fyrstealbumet til Dødheimsgard ikkje langt unna denne konserten og Isvind skulle nok ha råma langt fleire om folk hadde gidda å møtt opp so tidleg som klukka ni.  

Astaroth har eg sett før ved eit høve, men no har det skjedd ein del endringar i bandet, med ein tredje gitarist pluss Kent Are (Unspoken) på vokal inn, so her er bandet knapt attkjenneleg. Dette er i positiv (!) forstand, for Astaroth i dreg i veg i eit noko so inn i helvet gromt hardkøyr. Ikkje er eg den som flyg mest på svartmetallkonsertar, men er Astaroth representative for nivået ein ligg på i 2013 er det von for ein sjanger eg eigentleg synest har køyrd seg fast i ei uinspirert og resirkulerande spor. Astaroth derimot, greier dette med å skapa kaos (-Satan) i sin musikk, samstundes som det åldri driv av i fjonge greier. Heile vegen ein maktdemonstrasjon, frå ende til annan, fryktlaust, mektugt, dette er juling på høgt nivå. THE WRATH THE WRATH!

Hugsar godt fyrste gongen eg såg Whip, i Oslo for seks, sju år sidan; det var det mest skremande underteikna har opplevd på konsertar nokonsinne. Når eg den gongen kom ned i kjellaren på Garage vart eg møtt av ein vokal og gitarar som kjende mest som haitenner som haugg inn skallen på ein, og eit temmeleg psykotisk teaterupplegg på scena. Og på toppen av det, ei jente med ruta skjørt gjekk rundt blandt publikum med ei kakekorg som ho baud ut til den heller vitskremde konsertgjengaren.

No har óg Whip hatt sine utskiftingar sidan, og bandet har gått frå ein hauggande til ein meir flotande og myrkare ljod. Det psykotiske er no der fortsett, Whip notildags har eit vilt preg med einskilde låtar som gøyser frenetisk i den eine stunda, før den dansar vidare i meir muntre landskap rett etterpå, som ein mentalt forstyrra valdsforbrytar som feirar si ugjerning. Dette kan gjera Whip til ein smule krevjande musikk  å lya til, med mindre du er forstyrra sjølv. Akkurat dét går me ikkje inn på no.

Pause grunna tekniske vanskar og låg vokal dempar noko av intensiteten. Medan det som dreg upp digginga er at låtane ikkje er ukjende sidan lydfilane har vore tilgjengelege ei stund i fyrekant av konserten; når dei dreg gromsakar som til dømes «Family Massacre» gjev låta heimekjære og attkjennelege stemningar.

Heile «Digitus Impudicus»  vert gjennomrasa, og EP’n «Unholy» som kom før i år, får same behandling. For bakarst på scena sit han Hellkikk og trommer; han syrgjer for at konsertopplevinga for min del held seg på eit slikt passe sjukt nivå, og dette er vel eit clue med å vera ein trio: Kvart slag på skinnet kjennast som det går tvert igjennom ein, og kvart taktskifte er so brått at ein kjenner seg som kontinuerleg fallande.

Det kan vera greit å ha eit namn på musikken, for å presentera seg sjølv i høve til lyarar og andre band. Men mest for at band lettare vert nemnd når ein driv so og pratar (og skriv) um musikk. Ein må berre ikkje tolka sjangernamn for strengt. Kva i helvet ein skal kalla Whip veit eg ikkje, Black Thrash er vel nemnd i den samanheng, elles har det vore prat um Crust, Grind, eit-eller-anna-Core, Thrash eller Black Metal. Ein slik namneflora på eit band forvirrar oss trauste Metal-nordmenn og -kvinner. Whip har i alle fall vore på scena i fleire år, og har alltid greidd å dra dei fleste sjanger-taggingar i tvil med å laga si eiga sjuke greie.

Eg tvilar på um me vert klokare av deira «Digitus Impudicus», men eg er viss på at dei fortsett kan laga ein helvetes fest ut or forvridde sjelars dans. Musikknamn har likevel lite å seia når ein står der og diggar, ein straum av myrkljod og skinnbanking driv deg ut or ledd og sans uansett. Å vera POSSESSED i Whip si verd er ikkje berre grimt dystert ålvor, det inneber uventa kast og skifte. CAN YOU TAKE IT?

Til slutt eit ord om denne musikk-hamna Revolver har vorte, for Metal-publikummet blandt anna. Kjellaren rettleg osar undergrunnsmusikk, var her stille nokon gong er eg viss på at veggane kunne byrja å spela sjølve. Enda ein kveld i høg-gír. Byrjar å likna Club Maiden (RIP) sine glansdagar for nokre år sidan. SKÅL