HELL’S PLEASURE 2012 – Dag 2 – Tyskland

HELL’S PLEASURE 2012 – Dag 2 – Tyskland

Dei tre gutane i Zom vartar upp med Death Metal; tydeleg gamaldags inspirert, men gjer likevel sin eigen greie – HAIL! til det. Får ikkje dei typiske DM-riffa servert, dei går meir i jamnt svart, synes eg; vokalen er skikkeleg rå; jamt over gode styggheitar av eit ungt band. Eg kunne tenkt meg å høyra Zom på ei klubbscene i staden, noko luftugt vert det på ei sopass høg scene.

Ketzer; eg tykkjer dei (nyare) albuma eg har høyrt er kjedelege og har fordomar allereie før dei går på. Skal vera Black Thrash, dette, men utan dei store spenningsmomenta. Medlemane er overdrive gira med fakatar og fjes; innfrir ikkje lovnadar, kan me seia. Tidvise høgtempodelar og eit og anna riff gjer dette høyrbart, konserten under eitt er kjedeleg åkkesom. Fengar an hjå sitt publikum gjer dei no.

Vanderbuyst er festivalen sitt einaste 80’s Heavy/Power-band; ein sjangar som har fallgruver i retning riffslappheit. Denne trioen kan godt køyra hardare på, synes eg; hail gammal Helloween!, learn and listen. Koolt når gitaristen går over i Thrash, men sjeldan dèt skjer. Den fyrste dedikeringa til Jon Lord kjem, som døydde den 16.. Eg er brått utsliten sjølv og går for å schlappe av lite.

Katastrofal avsviming i teltet gjer at eg ikkje har fått med meg Degial. Ein konsert eg hadde sett fram til, verkeleg. Faen au. Får kosa meg med "Death’s Striking Wings" (Sepulchral Voice Records) som er ute no.

Procession gjer det mest stilreine eg har høyrt på festivalen til no; klassisk Doom Metal utan krumspring. Særs høyrbart og vemodig, bandet bryr seg niks um å laga fengjande sakar men held kursen stø i Doomtempo. Einskilde gode låtar, "Chants Of The Nameless" har DÈT i seg; konserten sett under eitt: Procession når for sjeldan gromnivå til at eg tek av.
 
הבן אדם, trur eg. Sonne Adam i alle fall. Gjer sin eigen greie av Death Metal; har vorte samanlikna med Necros Christos, Sonne Adam er i det Metal-umrådet likevel utan å likna mykje på Necros. Eg uppfattar musikken som myrk, midttempo utan typiske riff for sjangeren men med bra sug i seg, lell. God, jamn gjennumført konsert av alle fire medlemane der uppe på scena.
Alt kjennest trygt, då kjem noko stygt. Aura Noir. For ein konsert! Endeleg skikkeleg THRAAAAAAAAAAAASH! Dei barberar ned det meste rundt seg, ryddar upp i hovudet til nokon og einkvar med sine svartthrasha åtak på harmoni og livsglede. Eller? Det er denne humoren til bandet midt uppi alt, Agressor forklårar Blasphemer’s fråvere med at han har knekt handa i ein slåsskamp med onkelen. Bandet elles verkar i uforskamma god form, Agressor står brei og nærast strålar bak solbrillane og Apollyon er som vanleg grimt beisk, hemntyrst og forbanna over kroppsstanken han må kjenna frå publikum. Bak sit Valbo og trommar lystugt i trygg fråstand frå dei to der framme. Denne konserten rasar heftugt fram i grom-gitarljod, nivå over noko anna eg har høyrt her so langt, rettleg skamfullt so mykje bedre enn andre, Aura Noir burde kanskje spela dårlegare for å passa inn i miljøet?

Når myrkret no har senka seg etc. Angel Witch gjer ei uppvisning av gammalmetall, dette er so fagert å høyra, artig at eit so gamalt band greier å framføra på eit so ungt vis; Kevin Heybourne og kompani har visst med seg Bill Steer uppå scena òg, utan at gjenumsnittsålderen går serleg ned av den grunn. Arrangørane har lagt seg på tysk arbeidsnivå når det gjeld lyden, upåklageleg. Kan ein ha det betre enn å stå her og berre ta imot historiske låtar? "White Witch", "Sorceress", "Baphomet" og ikkje minst "Angel Witch" der han Heybourne får med seg publikum på god gamaldags allsong.

Ufomammut avsluttar kvelden med sin alternative Doom Metal, men eg kjem meg frå åstaden i tide. No får det jaggu halda for nokre timar, ein kan verta galen, òg.

http://www.hellspleasure.de