SONNE ADAM – Oslo – Revolver

SONNE ADAM – Oslo – Revolver

Death Metal-kveId på Revolver: I etterkant av Beyond The Gates tek Sonne Adam turen til Oslo. Kvelden er betre annonsert enn fjorårets ‘hemmelege’ Betong-konsert. Men det ser ikkje ut til å ha hjulpe, for her er god plass på golvet.

Miasmal bankar i veg eit overraskande hardt sett, overraskande av di eg hadde på førehand trudd meir sære sakar. Det sære kjem so smått fram i avanserte riff; men for det meste er dette grom-rått; svensk og kompromisslaust hardtbankande. Den nesten skrikande vokalen ligg godt inne i ljoden, og trommer og rytmer gjer dette til ein saftig god headbangande ny/gamal Death Metal-session.  
   
Sonne Adam stig fram i eit myrklagt lokale, dei skimtast i eit blodraudt ljosskjer; eldriff dreg i gong eit valdsamt velde av myrkre og helvet. Her er ingen kamp Gud vs. Satan, for sistnemnde har allereie vunne og sit no på trona. Sonne Adam er eit bisarrt Death Metal’sk monster;  det er eit vilt faenskap som kjem veltande, og som er inne i Doom Metal i små snuttar. Eg tenkjer på Necros Christos. Vokalen er av det slaget sjølv Ross Dolan i Immolation hadde godkjend. Alt føregår i eit gromt ljoduppsett som so ofte her på Revolver.

Svensk barbari mot Sonne Adam sine meir atmosfæriske stemningar; kven er ‘best’? Det får du ikkje veta, du får koma deg på konsert sjølv. For det er ikkje mange som får med seg dette. Huff, Oslo, sofa-byen framfør alle. I grunnen like greit at her er få folk, so får banda eit utvald publikum som veit kva som gjeld.