KRATER 2014 – Dag 2 – Pokalen

KRATER 2014 – Dag 2 – Pokalen

Krater Fest flyttar på seg til andre dagen, men ikkje langt. Ned i fyrsteetasjen til Pokalen, der veggen mellom pub og konsertlokale er slege til side. So får du eit meir plass til å røyva deg på – og ikkje å forakta – ein større bardisk med mykje fint i kranene som gjer deg artig i hovudet. Men skal ein hevda at ein er på konsertane må ein gå fram på golvet framfør scena, for dei sjåast ikkje skikkeleg  frå pubens avkrokar.  

Det fyrste bandet startar med fin groove i høgtemposkifte, so vert det kjedeleg, og etter det eit merkeleg opplegg der framme. Å tvinga folk er ikkje Metal. Mannen ser forresten ut som svidd flesk. Alt om grisen. Over til Metal:

Når Flight går på har folket hopa seg opp framfør scenekanten. Sjølv om bandet er ungt og enno ikkje har gjeve frå seg noko skive, gjer Flight konsertar som om dei skulle ha halde på i årevis. Forvent ikkje nokon melodiøs lettvint Heavy eller med skrik og ul, heller meir innadvend New Wave Of British Heavy Metal. Denne er nokso roleg, vel, i midtempo, i alle fall. Låtane er tydeleg grunna i riff og tromming, og framføringa gjev meg eit jamt inntrykk utan å vika ein tomme frå grunnlaget. Her er ikkje denne Kiss-og-Manowar-greia, heller tenkjer eg Saxon, Jameson Raid og cirka 1980.

Natur går på etter Flight; denne rekkjefylgja er god sidan både banda kan vera representantar for nyskaping innan tradisjon. Natur har eit meir utadvend uttrykk, men ikkje utan det mollstemte og tunge. Natur gjev hint om at dei er i den uheilage anden til Black Sabbath. Er ikkje nokon ekspert på Natur-låtar (ut over «Spider Baby» som kjem mot slutten) og kan berre ta av meg hatten for grom låtskriving, for dette var TUNGT fengjande.    

Studfaust. No skal me «…hear the bark of the underdogs» som gitarist og vokalist Tore Bratseth so poetisk uttrykkjer det, og so brakar det i gong med Motörhead-inspirert Metal’N‘Roll der det frie, rocka liv er høgt skatta i tekst og tone Skal ikkje påstå at dette er ein sjangar andre band skal ta etter, det er nok cheeseroll-band der ute på nettet. Du bør helst vera han Tore B. sjølv for å få til dette, mannen retteleg eig kvar ei scene han står på. Det er eit liv og eit sus over Studfaust, som det er på førestellingane til The Battalion. Studfaust kjennest hardare i trykket enn Bergensbandet, noko som godt kan koma av at trioen er med Bård Faust og Pete Evil på trommer og bass.

Festivalens nesteldste band, Darkness, avsluttar Krater 2014. Darkness er kanskje ikkje det mest kjende tyske Thrashbandet, men det er i seg sjølv ikkje noko poeng når det gjeld konsertar, sidan dei meir kjende Kreator og Destruction har gjeve konserter som er i overlag snille med lyaren i det siste. Av det gamle Darkness er her Andreas Lakaw på trommer og gitarist-vokalist Arnd Klink. Serleg han Lakaw synest eg gjer seg gjeldande, han trommar fram ein Thrash-konsert som er hakka tøffare enn det eg har høyrd av dei to Thrashbanda eg nemnde over.
No skal det seiast dette kraftuttrykket i rytmer kjem godt med, for låtane til Darkness er ikkje heilt typisk Thrash når det gjeld riffing på dei to skivene eg har høyrd («Death Squad», 1987 og «Defenders Of Justice», 1988 (med det underfundig anarkistiske skiveomslaget)). Men mykje god Thrash kan gjerast på hardkokt rutine, innbarka innstilling og tungbanka disiplin. Dette treff meg godt. Her er likevel ikkje so folksamt som ein kunne forventa, men Darkness får synleg rive med seg fleir publikummar enn dei fire-fem vanlege. Artig kontrast mellom Arnd Klink sitt småprat og bandets låtar, for mellom låtane syner han Klink seg som ein sers verbal og høfleg mann, so dei set i gong att med neste åtak. Til slutt spelar dei «Armageddon» som ein endeleg konklusjon.

Revival vert det verre med for min del. Puh! Dette sat, trass i at andrekvelden var av mindre mindre Black, Thrash og Death var dette hardt nok; det kan koma av at på Pokalen har du høgttalarane på høgd med deg sjølv og lyden rett i skallen, medan fyrstekvelden var meir fjern slik sett. På den vesle Pokalen ser det heller ikkje so glisse ut på golvet når her er sopass få publikummarar. Programmet kan ikkje vera grunnen til det. Sjekkar du festivalplakaten no i etterkant og tenkjer deg kva som helst land, unnateke Noreg, kunne du førestella deg at den utløyste fullt hus av Metal-gira publikum. På den annan side skit eg jamt i kva folk føretek seg, berre her vert fleire festivalar av Kratertypa. SKÅL