DEATH STRIKE – København – Loppen, København – Danmark

DEATH STRIKE – København – Loppen, København – Danmark

Køben kallar, in the land of Søren Kierkegaard og Mercyful Fate. Men i kveld er det DEATH STRIKE: bandnamnet er synonymt med rivande vill og thrashande Death Metal, eit sjeldfengt Helved som høyrest ut som um bandet har tygd i seg det meste av giftuge soppar som vaks rundt Chicago i  1985, og skylt dei ned med innvols-etsande heimbrent frå Hedmark (über alles). Death Strike er Paul Speckmann sitt band fyre dei starta upp (att) Master. Utanfor Loppen i Kristiania er det flust av folk, her er fleire som har teke turen frå Oslo og Trøndelagen. Denne kvelden er Killtown Deathfest sin uppvarmingskveld; sjølve festivalen føregår på Ungdomshuset på Bellahøj i helga.

AJAJAJ! Går det an å berre SJÅ at eit band er vetlaust bra?; dette har med den frentiske tromminga hans Ccsquel å gjera, eit syn i seg sjølv, verkar som um han er innum alle trommene i laupet av ein augneblink. Det trommast kontant illsint samanhengjande, den høyrest sers velartikulert, dersom det går an å seia det um aktiviteten å slå på skinn. Reverie heng seg ikkje på noko teknisk onanerande Death Metal; nei dette er gamle primitive sakar gjort på skogen, skulle tru dei var finske og i ’89 men er danske og nye og har slept ein demo i år, «First Reverie». Der er den gitarljoden i lead-riffa! So meiningslaust bra at den ikkje er mogleg å skildra. Det heile, trommer, bass og gitar er av denne sinnssjuke stemninga som Death Metal’en skapar når den er kvassrå og med kjensler av vonlaus vreide og vånde. Musikken legg seg rundt vokalen som kjem fram i den stygge (gode) ljoden berre på grunn av at vokalisten skrike-growlar. Gromt! Og herlegdomen endar med at vokalisten bles ein melankolsk solo på ei tverrfløyte av alle ting.

Essenz fylgjer ikkje upp, ljodmessig er dette godsakar for øyregongane, men Death Metal’en deira er i overkant ambient med repetisjonar, svevegitar og låtdelar som dauar framfor ein. Gjer vel ikkje nokor dårleg framføring, men det er so som so med det som framførast I utgongspunktet, spør du meg. Er du av dei som likar stemninga vektlagt i staden for tradisjonell riffing og høgtempo er dette tyske bandet noko for deg. Set meg og studerar umgjevnadane. Loppen syner seg å vera eit trivsamt lokale, med god ljod og godt oversyn og er ein grei drikke-medan-du-ventar-på-(neste-)konsert-plass.           

Vente vente. Grunnen til denne København-turen, Death Strike, kjem seg so på scena og øver lite; so går dei av att, medan han Paul Speckmann gjer narr av oss som trudde dei hadde starta. Hmhhh. Vente vente meir. Når dei kjem att og legg av garde er det visseleg ikkje utan tyngde og fart, men ikkje heilt med den fanskapen ein høyrer i "Fucking Death". Forutan Speckmann er Death Strike anno 2013 Zdeněk Pradlovský på trommer og Alex Nejezchleba på gitar (vore tøft um han Ccsquele frå Reverie hadde tromma no óg); han Alex N. synest eg ligg  bakpå til å befinna seg i eit so aggressivt materie, her er som med Master i fjor smådosar med tullevreng når han heller kunne haugga hardare på. Det same kan vel seiast om fleire, Speckmann har growlerøysta i behald, men kjefteglammar ikkje heilt DER, vokalen lét meir som Master. Men! Det er mykje å gå på før dette er ein skuff.

Og det tek seg (delvis) upp, Speckmann får justert bassen sin, «Funeral Bitch», «Re-entry And Destruction» bring settet upp frå hugtakande til svimmelt, frå coolt til gromt, frå valdsamt til infernalsk, frå Fy fan! til AAAAAAARHGRBRRRRUPÆH!!!! Dei spelar sikkert «Pay To Die» óg. Kunne tenkt meg ei strammare gjennumføring, pausar med stemming og trommesolo gjer det utfordrande å halda seg i eit kontinuerleg modus der ein berre kan orma seg i underjordisk Death og  rista hårfestet ut or ledd. Sveitten renn nedover ryggen og moshinga blant folk liknar nesten på Revolver’s i Oslo, i små glimt, i alle fall. So! Konserten har betalt seg i form av gromsatansk Metal og Death Strike er meir enn eit bandnamn som gløser frå fortida på plakaten; ikkje for det, eg kan gå rundt resten av levetida og skrika I SAW DEATH STRIKE LIVE!! hadde det ikkje vore for at då svarar sikkert nokon «When? In 85?». Men kva faen.