FINGERNAILZ + DEATHHAMMER + MAGISTER TEMPLI – Oslo – Revolver

FINGERNAILZ + DEATHHAMMER + MAGISTER TEMPLI – Oslo – Revolver

Magister Templi er fyrste band ut. Dooma New Wave Of British Heavy Metal er hugsvalande i seg sjølv og når dei attpåtil legg seg til sopass harde kantar og lagar sopass gode låtar er dette særs kult."Publikum" står og rotnar på rot bak ei fleire meter lang buffersone, som um bandet skulle ha både ebola og svineinfluensa, ikkje hadde Magister Templi fortent ei slik forsamling, for her har vi eit av desse banda som verkeleg kan den gamle stilen;  

Lat den rette koma inn; brått er det som det har skjedd eit sceneskifte framføre scena like mykje som på. Deathhammer beærar eit svolte Oslopublikum med eit besøk; ei ny salve av utriveleg gode Thrashmannskunster, bandet er berre konstant i storform, meir utemde hundar skal du leita lenge etter, eit glefs av Metalfaenskap er det og folket lengst framme uppfører seg som det ikkje er mogleg å verta gladare, er tydelegvis nok at nokon dulta burti ein annan og so er moshpit’en i gong att, for 30. gong eller so. Fekk du med deg han der Khomeini si gravferd i si tid (berre på fjernsynet, forhåpentlegvis) so kan den gjeva ei aning.  

Fingernails starta upp i Roma i 1981, hadde den vanlege pausa til uti 00-talet, men i motsetnad til "større" Thrashband har Fingernails neigu ikkje gløymt att rockefoten frå 80-talet. Bandet legg av garde i eit tulle høgt tempo i gitaren hans Maurizio (Angus) Bidoli og der ligg det heile konserten igjennum. Punka rocka Thrash av det intense slaget og det synast hjå publikum; akutte sekvensar av villmannsdansing framfør scena og langt bakover i lokalet, rassballane mine får kontakt med golvflata ved eit høve og eg står ikkje ein gong i moshpit’en so då kan du tenkja deg, hehehe. Dette er Metal i høgste klubbånd, er ikkje måte på til intens fest; scena er låg so stagediving er for dei spenstuge og med jamne millumrom kjem vokalist Anthony Drago (og Salsten frå Deathhammer, sjølvsagt) flogande på hendene til folket. Meir av slike konsertar og ein går ned ti kilo i vekt og tjuge år i ålder.