UGLY U-HJELP – Oslo – Betong

Kven sitt initiativ denne kvelden er veit eg ikkje, men kred for utradisjonelt konsept, for som tidlegare annonsert her på ET, går kveldens inntekter til ein borneheim i i Ghana. Rikets Crust var ukjende for meg fyreåt, men her på scena er det kjende fjes å sjå, som Evil Dave (Lobotomized), South Of Heaven-Sigurd og…

SAINT VITUS – Oslo – Betong

Saint Vitus: Legendarisk djupdykk attende til då Doom hadde ballar og ikkje maskinar. Eit kupp av Old School Booking/South Of Heaven, dette. Takk til dei! (Centurion's Ghost får eg berre med meg sistelåta av. Ein jævla miss av meg det (men hadde ikkje trudd det tok Ruter 1 1/2 time å frakta meg til Majorstua's…

TORSOFUCK – Oslo – Skuret

Eit "koseleg" attsyn med Whip, ein trio no. Eg får meg ikkje til å synast at dei av den grunn verkar særleg reduserte, mindre feit gitar kanskje, men samstundes desto tydleg-kvassare der. Vokalen er delt millum Kai (growlgrowl) og Raymond (Blackscreamfrenzy). Whip sin Metal har sin styrke i down-to-the-core-haldninga, vel stutte låtar riktignok – den…

AC/DC FAN CONVENTION – Oslo – Rockefeller

Det er noko tett på konsertslutt på Valle Hovin, truleg, god plass på golvet her på Rockefeller når Love Hungry Men går på etter halv tolv. Kan seia bergenserane fortset der konsertvideoane slapp, for vi får ein særs bokstavtru AC/DC-tributt i klår likskap med Australias stoltheit. Vokalen er som snytt or strupen til Brian Johnson…

DEAD TROOPER – Sandvika – Musikkflekken

Er seint ute, rotar på vegen frå jarnbanestasjonen til Musikkflekken (3 minutt å gå), får berre med meg dei 4 siste låtane av Twilight Arise. Men dei sat til gjengjeld godt i Metal-hjarta: To gitaristar som leverar harde og overtydande riff; soloar og harmoniar av Gamlemetal-arten – fyrste halvdel av 80-talet, altso – driven fram…

HEADBANGERS OPEN AIR XXII – Time for legends

Lengtar du attende til Metal'ens gamle dagar når du tråva rundt som tenåring i tettsitjande olaklede eller er du ein retro-Metallar som støtt og stendugt uppdagar gamle godbitar frå 80-talet, so er Headbangers Open Air ved Brande-Hörnerkirchen i Tyskland festivalen for deg desse dagane: 24.-26. juli. Men det visste du vel frå før, um du har fått tak i den gjeve metalliserte 40 Euros billetten. Dersom ikkje, er det meir nyttig for deg å veta at Headbangars Open Air 2010 allereie har 6 band på plass, for årets festival er nemleg utseld.

OSLO DEATH FEST 09 – Elm Street

I fjor, då var Oslo Deathfest ein festival på Club Maiden (RIP) over to kveldar med 8 band. I år får vi tre band, og det på puben Elm Street. På den annan side sirkulerar årets Deathfest rundt i landet, so fylg med, fylg med. Fyrst ute i kveld er bergenske Hellish Outcast. Men dette…

OSLO PØNKRÅKKFESTIVAL #15 – Elm Street

Ein gong iblandt er det noko som kallar seg Oslo Pønkråkkfestival her på Elm Street, og i kveld er det visst nr. 15 på gong. So me sit i lokalet og ventar, til skrekkeleg lite prega musikk til punkfestival å vera, ja. Men sjå! Der kjem The Barrels på scena.     Verkeleg kult rockeband, dette,…

VESEN – Oslo – Elm Street

Her er Vesen's kombinerte bursdags- og sleppefest. Det lèt endeleg Metal over anlegget her på Elm, staden har ikkje framstått so attraktiv i det siste for å seia det mildt. I kveld skulle det arte (og utarte) laussluppe med låg takhøgde. Skal koma attende til dette… …for fyrst varmar punkbandet Stinky Fingers oss upp med…

VULCANO – Glemte helter?

Rekna som det fyrste Thrash-bandet i Sør-Amerika er VULCANO sin innflytelse på Metal-scena på kontinentet der nede STOR. Bandet som debuterte i 1983 med sjutommaren "Om Pushne Namah" er sidan 2004 på føtene att med albumet "Tales From The Black Book", samt split-EP’n "Thunder Metal". I Hate Records gjer storverket med å utgjeva og re-utgjeva skiver av desse nesten gløymde heltane; i den anledning sendte eg bassist/gitarist, låtskrivar og bandets grunnleggjar Zhema ein e-post

WITCHCRAFT (By:Larm) – Oslo – Last Train

Den tronge bula Last Train er åstaden for kveldens konsert; utruleg trongt, planlegg ølkjøp og dogåing i god tid for her tek det tid å smyga seg fram. Staden har scena rett i fleisen på deg og er for tida ein konsertstad å føretrekkje framfør Elm Street, ikkje minst fordi det her spelast hardare musikk…

SAXON – Oslo – Rockefeller

Iced Earth er allereie i gong når eg kjem inn på Rockefeller, er ikkje viss på um eg har mist so mykje av den grunn. Det er, for meg, ei heller grå affære til langt ut i konserten. Lite tydelege gitarar og Matt Barlow visar muskler på feil måte, han lét tunn og med lite…

SHOT AT DAWN – Oslo – Elm Street

Å arrangera konsertar på Elm Street har vorte ei tam affære. Kvifor er her aldri DJ eller musikk over anlegget som er råd å høyra på utan å kjenna seg heilt utanfor? Det høyrer jaggu med, då, å skapa forventning fyreåt. Trøndercore er heller ikkje det eg kom for å høyra, ei melding av bandet…

LAUREN HARRIS – Oslo – John Dee

År og dag sidan eg høyrde Highland Glory og eg er positivt overraska over at dei køyrer sopass tett konsert-Metal – riff og rytmer fyller det knapt halvfulle rommet. Særleg dei få, tunge partia gjev meg ein god heimekjensle, og gitar, bass og trommer greier å drukne synthen gjennum det meste av låtane. Slik skal…

METAL MERCHANTS 09 – Dag 2 – Oslo, Kanonhallen

Hostile Territory!     Vesen har ein liten "showcase" – kva farsken vil det seia? Jau, konsert er det! Ny skive på gong der. Halv fire er for tidleg for meg, og eg får berre med meg dei to siste låtane, frå førre skiva båe. Let fuzzt og ugly som vanleg frå den kanten. Kult og…

METAL MERCHANTS 09 – Dag 1 – Oslo, Kanonhallen

Metal Merchantsfestivalen er her, for å gjeva oss to kveldar Metal As It Used To Be. Det vil seia før Metal vart infisert av slim og sleik, medan det enda lèt reint skitent uskuldig. Gledeleg mykje folk som veit å verdsetja dette, hadde krope fram mykje unge folk frå inn- og utland, godt å sjå! …