SAXON – Oslo – Rockefeller

SAXON – Oslo – Rockefeller

Iced Earth er allereie i gong når eg kjem inn på Rockefeller, er ikkje viss på um eg har mist so mykje av den grunn. Det er, for meg, ei heller grå affære til langt ut i konserten. Lite tydelege gitarar og Matt Barlow visar muskler på feil måte, han lét tunn og med lite flair inne i all den bassete lyden, unnataket er i dei rolege partia, der han kjem meir til rette. Eit og anna drivande parti når bass og gitarar bankar det ut saman, men dette er særs sjeldfengt. Folk er her mykje av, og dei ser ut til å like seg der dei syng med, det er vel stas å få høyra att låtane ein høyrer heime i stova på ein sopass stor scene som Rockefeller. Dette skulle eg sjølv få uppleva seinare i kveld. Og so, langt ut i settet, høyrer me fleire låtar, der dei set fart på, no vaknar brått strengjane til Schaffer & Seele, og vi får mykje flotte thrasha Metal-riff og -rytmer, so her er rett fint å vera på slutten av det over timeslange settet.
Saxon frekventerar kongeriket oftare enn fleste andre no for tida, pent gjort av desse gamlingane, som var der heilt i starten av The NWOBHM. Likar ein rocka Metal og, ikkje minst, røysta hans Biff Byford, har ein mykje å lauga seg i her, ja! I byrjinga er her likevel langt frå nokon knallkonsert, til det er lyden for flat att, og Biffs popartist-fakter er til lita hjelp. Metalvokalistar brukar ikkje å stå og hoppa sidelengs med ryggen til fansen, men det skjer diverre i kveld. "Heavy Metal Thunder" kjem tidleg, men det er frå og med tredjelåta, den nyare "Witchfinder General", eg får feelingen av den herlege Metalen eg lærde å kjenna på 80-talet. Det gjer godt, skal eg seia deg. På "747 (Strangers In The Night)" er folket heilt med og syng so godt dei kan. Paul Quinn er med òg, sjølv um det ikkje alltid ser slik ut, gjer sine sakar når det trengst, lutrygga, røynd og sikker. Biff har stemmeprakta i god behald og syner kven som rår
 scena av dei to vokalistane i kveld. Lydmiksen ber etterkvart fram vokal, glitrande gitarsoloar, og heile pakka av coole, gamle komposisjonar som "Wheels Of Steel" og "The Power And The Glory". "Crusader" òg, sjølv um den var plåga av ein sur gitartone som hekk der og skurra. Innimillum fekk vi fleire frå nyskiva "Into The Labyrinth", høyrest brutalt, groovy og dels episk ut på det beste; stagnante parti og plågande synthsampling i bakgrunnen svekkjer godsakane. Her er det sopass morosamt at dei er til endes før eg kunne tru det, men nær ein time har gått. Me vil ha meir. Og får tre ekstranummer: Det fyrste opnar med ein gyseleg synthintro som um dei ville ha oss ut av lokalet so snøgt som råd, låta sjølv er grei nok, og AC/DC-inspirert i mine øyre. Det andre er "Princess Of The Night" – og den vert eg aldri ferdig med, umogleg det! Opninga og refrenget skal heimsøkja meg til den yttarste dag. Siste låt er "Denim And Leather",
 sjølvaste anthem'en deira, no er den sure gitartonen der att, fan au. Men lell, når gig'en er over kjennest det – i det store og heile – som me er godt servert og nostalgisk fornya.