WITCHCRAFT (By:Larm) – Oslo – Last Train

WITCHCRAFT (By:Larm) – Oslo – Last Train

Den tronge bula Last Train er åstaden for kveldens konsert; utruleg trongt, planlegg ølkjøp og dogåing i god tid for her tek det tid å smyga seg fram. Staden har scena rett i fleisen på deg og er for tida ein konsertstad å føretrekkje framfør Elm Street, ikkje minst fordi det her spelast hardare musikk over anlegget.

Når Bungalow Ranchstyle byrjar er her nær fullt, skal heller ikkje so mange til for å få til det. Deira konsert er av det slaget eg ikkje ville ha høyrt var det ikkje for at eg ventar på noko anna. Bandet gjer sin greie (spelar "støy-rock") og eg gjer min (drikk øl). Må nok høyra meir riff og roll i rocken for at eg skal fryda meg, men bandet gjer i alle fall settet frå seg utan tull og jalla.

Witchcraft er ofte å sjå på konsertplakatar her i byen – godt! Bandet står endeleg på scena eit kvarter over midnatt, og her er no fullt, folk vert ståande utanfor. Det vi får er denne bluesprega Doom-rocken deira, der låtuppbyggjingane er særs originale, med vridningar og skifte som forsterkar den myrke stemninga. Byrjar med "If Wishes Were Horses" og "No Angel Or Demon" um eg ikkje hugsar feil (sjå parantesen ovanfor). No svik lydmiksen Magnus Pelander's ljose sorgfulle vokal gjennum heile settet, skurrar her, men heile konserten er ein hardtslåande og stemingsfull uppleving utan daudpunkt. Utruleg energisk tromming, på fleire måtar. Steminga frå skivene kjem fram, samspelt, um enn i rufsut format. Låtmaterialet er sterkt, "Witchcraft", "Queen Of Bees", "Wooden Cross (I Can't Wake The Dead)" og so burtetter, tydeleg identitet og ingen eskapadar – rockefaen er laus i kveld! Og ovasjonane millum låtane er skrålande. Folket burde likevel synge meire med i låtane, men ølprisane i puben held dei edrue, antageleg. Etter ein time eller so freistar Witchcraft å gå av, men vi gaular dei attende til to ekstra, der cover'en av Pentagram's "When The Screams Come" set eit bulka punktum for festen.