SHOT AT DAWN – Oslo – Elm Street

SHOT AT DAWN – Oslo – Elm Street

Å arrangera konsertar på Elm Street har vorte ei tam affære. Kvifor er her aldri DJ eller musikk over anlegget som er råd å høyra på utan å kjenna seg heilt utanfor? Det høyrer jaggu med, då, å skapa forventning fyreåt.
Trøndercore er heller ikkje det eg kom for å høyra, ei melding av bandet MLGF får du ikkje her. Står i staden ute i vinternatta og ventar, på…
Shot At Dawn, ein sekstett som overraska meg på Sandvika Metal Slaughter i november 07, med herlege 80- og 90-tals riff. Tidleg Iron Maiden blanda med melodiar av den Göteborske art. I kveld låg lista lågare, dei vektleggjer tydelegare hardcore-elmenta i låtane og det høyres stagnant og kjedeleg ut i desse partia. Saknar desse riffharmoniane og gitarsoloane som kan verkeleg lyfte låtane og samstundes riva sund all denne "Metal-"lyden frå Göteborg. I det heile er det for mykje core og for lite flyt for meg i kveld. Lagar ein denne sokalla crossover'en hamnar ein vel på den eine eller andre sida av gjerdet, uansett. Glimtvis klemmer gitarane til, og det er herleg nok. Metalfolket er på Inferno Kick-Off'en i kveld, so her er ingen som tykkjer noko er gale, publikum slåst-moshar med dei beste intensjonar og det er fin stemning. Bandet skapar den òg sjølv, med å føra seg ungdommeleg sprekt og utan å vera sjølvhøgtidelege. Rytmene er
 tydlege nok, Elm gjev oss sjeldan mykje basslyd i kveld, og bak trommene sit ein med sterke band til Whip og Kraanium – du veit, ikkje noko nøling i skinnpiskinga der. Johnny Cash-coveren trur eg ikkje Cash sjølv hadde kjent att, og det var vel heller ikkje meininga. Låtane er stutte, og konserten sluttar etter litt over halvtimen, eg vil tru folket framføre scena hadde tåla atskillig meir, der dei står etter sistelåta og ventar…